Foto: Vy
Publisert: 09.12.2019 

Vy Tog skal gi dei reisanda eit betre tilbod på Bergensbanen og Vossabanen – og vil betale staten for å få få køyre tog

– Å bryte opp monopol gir resultat. Etter tre år med jernbanereform har monopolisten Vy utvikla seg til å bli eit selskap som toler internasjonal konkurranse. Det er det all grunn til å applaudere.

Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale etter at Jernbanedirektoratet i dag har kunngjort at kontrakten om å drifte persontogtilbodet på Bergensbanen og Vossabanen i om lag ti år frå desember 2020 går til Vy Tog.

– Denne trafikkpakka er i tillegg historisk fordi togselskapet skal betale staten i staden for at staten betaler for at togselskapa skal køyre. Dette viser at jernbanereforma med konkuranseutsetting har vore nødvendig, rett og gir gode resultat. Vi frigjer om lag 12 milliardar kroner som tidligare har vore subsidiar av togdrift, men som vi no kan investere i ny infrastruktur, seier Jon Georg Dale.

Dale understrekar at konkurranseutsetting er del av ei storstilt modernisering av norsk jernbanesektor som har eitt mål for auge: Eit betre togtilbod for passasjerane.

– Samtidig som vi har auka løyvingane til jernbanen med 88 prosent dei siste åra, har vi jobba systematisk med å få meir jernbane for pengane. I dag ser vi enda ein gong eit konkret resultat av denne jobben, seier Dale.

Betre togtilbod for dei reisande

Eit av hovudmåla med konkurransane er å motivere togselskapa til å vidareutvikle og forbetre togtilbodet, slik at endå fleire vel toget.

– Vi ser at  aktørane som deltek i konkurransar tenkjer kreativt for å utvikle togtilbodet. Konkurranse skaper meir innovasjon i sektoren og utnytter ressursane langt betre enn tidligare. Det får aktørane til å tenkje nytt og spanande, seier samferdselsministeren.

Vy Tog legg mellom anna opp til fleire avgangar, betre servicetilbod og eit betre nattogtilbod.

Meir jernbane for pengane

Staten betaler i dag togoperatørane for å drifte attraktive togtilbod på dei aller fleste jernbanestrekningane. Dagtoga mellom Oslo og Bergen er eit unntak. Med dagens avtale betaler staten om lag 200 millionar kroner årleg til Vy for togtilboda på Vossebanen og Bergenbanen. Med den nye avtalen vil Vy betale staten om lag 2,2 milliardar kroner over ein tiårsperiode.

– Med dette får vi eit skifte i måten å tenke jernbane på i Norge. Før har vi betalt milliardar av kroner for å byggje ut og vedlikehalde jernbaneliner, har vi i tillegg betalt store summar for å få togoperatørar til å køyre tog på linene. No får vi ein jernbane som gjennom å få fleire kundar også gjer seg meir lønnsam. Overskotet kan vi bruke til å ruste opp infrastrukturen i dette landet, seier Dale.

Konkurransane om persontogtilboda i dei tre første trafikkpakkene vil spare staten for store summar.

– Dei ti neste åra kjem staten til å spare om lag 3 milliardar kroner på trafikken i sør, 5 milliardar kroner på trafikken i nord og om lag 4 milliardar kroner på trafikken i vest. 12 milliardar kroner er mykje pengar spart for skattebetalarane, seier Dale.

– Dei innsparte skattepengane ønskjer vi mellom anna  å investere i tiltak som styrkjer togtilbodet. At vi i statsbudsjettet for 2020 går vi inn for å starte elektrifiseringa av Trønder- og Meråkerbanen er eit direkte resultat av pengane staten sparte på tildelinga av Trafikkkpakke 1 til Go Ahead på Sørlandsbanden, Jærbanen og Arendalsbanen. Det trur eg at dei reisande i Trøndelag er glade for, seier Dale.

Trafikkstart i desember 2020

Trafikkpakke 3 har ein omfattande lokal- og regiontogtrafikk, og består av tre togprodukt: fjerntog Oslo S-Bergen, regiontog Bergen – Voss – Myrdal og lokaltog Bergen – Arna.

Bergensbanen er den av fjernstrekningane som har størst trafikk. Turist- og fritidsreiser utgjer ein sto del av trafikken. Stasjonane i Hallingdal og på høgfjellet er populære reisemål.

Jernbanedirektoratet tek sikte på å signere kontrakt med Vy Tog i slutten av desember, etter at ein karensperiode på ti dagar er gått ut. Trafikkstart for den nye avtalen er 13. desember 2020.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur