Fossatromma, Vøringsfossen. Foto: Frid-Jorunn Stabell
Publisert: 02.09.2024 

Vøringsfossen med nytt anlegg Fossatromma

Etter 30 år med planlegging og utviklingsarbeid avsluttar no Statens vegvesen den tredje etappen av reiselivsikonet Vøringsfossen, langs Nasjonal turistveg Hardangervidda.

Vøringsfossen er kanskje den mest kjende fossen i landet. Her stuper store vassmengder 182 meter frå Hardangerviddeplatået ned i Måbødalen. Etter å ha utvikla destinasjonen Vøringsfossen med to tidlegare utbyggingsetappar, kompletterer Statens vegvesen i år attraksjonen med eit stort parkeringsanlegg med elbil-lading, offentleg toalett, utsiktspunkt og landskapsarbeid på Fossatromma.

Besøkjande vil med dette kunne oppleve Vøringsfossen og Måbødalen frå nye perspektiv, og det nedre platået på Fossatromma blir nå tilgjengeleg frå det øvre området ved Fossli via den spektakulære trappebrua over elva Bjoreio og den gamle kløvvegen.

I 2009 vann arkitekt Carl Viggo Hølmebakk ein designkonkurranse for Vøringsfossen. I 2015 vart første fase i utbygginga byrja på Fossli med stiar, toalett, parkering og fleire utsiktspunkt mot fossen og dalen.

Andre etappe med den internasjonalt omtalte trappebrua over fossen mellom Fossli og Fossatromma vart opna i 2020. Den tredje etappen med tilrettelegginga av Fossatromma får no altså ei offisiell opning i september 2024.

Heile anlegget består dermed av over ein kilometer sikra sti, fleire spektakulære utsiktspunkt, store og små bruer, to servicehus, samt romslege parkeringsplassar, der den eine tilbyr lading for elbilar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur