Marius Slinde har leia arbeidsgruppa i Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 13.02.2024 

Vegvesenet kan spare milliardar på nye tunnelar

Erfarne fagfolk i Statens vegvesen meiner det er mogleg å spare om lag 5,4 milliardar kroner ved å justere regelverket for bygging av tunnelar.

Ekspertgruppa har sett på tunnelane på de 20 vegprosjekta som ligg inne på prioriteringslista til Statens vegvesen. Det skal byggast 166 kilometer ny tunnel på strekningane, men fordi ein del av tunnelane får to løp, er det 233 kilometer tunnelløp som skal byggast.

Vegvesenet meiner det er mogleg å bygge tunnelar på ein enklare, men likevel fullgod, måte. Tunnelgruppa har sett på prosjekt over ein milliard kroner. I tillegg vil det ligger innsparingspotensiale for tunnelar som skal rehabiliterast og tunnelprosjekt under ein milliard kroner.

38 tiltak

Arbeidsgruppa med erfarne tunnelfolk frå heile landet har vurdert 38 ulike tiltak.

Dette er nokre av tiltaka med størst økonomisk effekt:

  Smalare vegskulder for tunnelar med moderat trafikk

  • Opne for bruk av sprøytebetong over PE-skum/membran på tunnelar med relativt høg trafikk
  • Vurdere nye løysingar for brannsløkking
  • Redusera tjukkelse på betongelement.

Mindre betong og stål

Tunnelgruppa har også vurdert korleis moderniseringa av norsk tunnelbygging vil slå ut på klimarekneskapen. Det er særleg eit tiltak som kuttar utsleppa av CO2 kraftig: Ved å redusera tjukna på betongelementa frå 15 til 12 centimeter er det mogleg å bruka eit armeringsnett i staden for to. Det gir meir betong mellom armeringsjernet og bergveggen på den eine sida og mot trafikken på den andre. Mindre betong og armeringsjern gir også mindre transport. Ølen Betong har laga slike betongelement sidan 2021.

– Slik får me ein meir enn sterk nok betongvegg. Viss me også bruker rustfritt stål , aukar me levetida på tunnelveggene frå 50 til 100 år. Slik kan me bruka mindre pengar, samtidig som me kuttar CO2 utsleppa med 65 000 tonn CO2, seier prosjektleiar Marius Slinde.

Han meiner regelverk og praksis gjer norske tunnelar unødvendig dyre.

– Du kan byggja mange kilometer med ny veg for 5,4 milliardar kroner, seier Slinde.

Fem av tiltaka kan gjennomførast utan å endra regelverket for bygging av tunnelar. Sju av tiltaka vil krevja regelendringar. Fleire av tiltaka vil også gjera det enklare å drifta og vedlikehalde tunnelane. Det er viktig. Vegvesenet bruker i dag om lag 700 millioner kroner på drift og vedlikehald av tunnelar i Noreg.

 Skal vere trygt

– Vil ikkje enklare tunnelar gå utover tryggleiken?  

– Nei, det skal vera trygt å køyra i norske tunnelar. Det gjeld trafikktryggleik, branntryggleik og sikring mot nedfall av stein. Samtidig må me unngå løysingar som gjev marginale gevinstar, slik at det vert rom for å realisere andre prosjekt raskare., seier Slinde.

 Vil kutta rente

Forslaget om å redusere rentekompensasjonen entreprenørar får viss dei vinn fram i retten med eit krav, er tiltaket som monnar mest økonomisk. Forseinkingsrenta ligg på 8 prosent pluss styringsrenta til Noregs bank. Andre offentlege byggherrar som Bane Nor og Nye vegar kan gjera avtalar med entreprenør om lågare forseinkingsrente.

– Lågare renteutgifter ein ting. Mindre renteavkasting kan kanskje også motivere til å bli samde før saka endar i retten, seier Slinde.

Du kan lese rapporten her.

Dette er tunnelane Vegvesenet kan byggje rimelegare

Prosjekt

E134 Oslofjordforbindelsen, byggetrinn 2 9,4 km
Rv. 4 Grua–Roa 1,2 km
E134 Røldal–Seljestad 12,7 km
E6 Megården–Mørsvikbotn 23,5 km
E16 Hylland–Slæn 6,3 km
E39 Vik–Molde 24,3 km
E16 Arna–Stanghelle og Vossebanen 8,8 km
19,0 km
E45 Kløfta 4,2 km
Rv. 7 Ørgenvika–Kittilsvik 1,3 km
E6 Ulvsvågskaret 3,7 km
E39 Ådland–Svegatjørn (Hordfast) 19 km
E134 Dagslett–E18, Viker 4,4 km
E39 Storehaugen–Førde 7,5 km
E39 Bjerkeset–Astad 1,4 km
E39 Klakegg–Byrkjelo 4,0 km
E39 Ringvei øst, Vågsbotn–Klauvaneset 5,3 km
E10 Nappstraumen–Å 1,7 km
E39 Volda–Furene 3,5 km
E18 Retvet–Vinterbro 2,4 km
E8 Flyplasstunnelen Tromsø inkl. F2-lenka 2,5 km
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur