– I år markerer vi 30 år med Nasjonale turistvegar. I dag opnar vi ein fantastisk flott rasteplass her på Vestlandet, seier Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård om opninga.
På ei lita fylling langs Nasjonal turistveg i Jæren på Sørvestlandet, har Statens vegvesen bygd ein langstrakt parkeringsplass med 180 graders utsyn over Nordsjøen. Nede i hamna er det bygd ei stormhytte med front i glas der ein kan sitte i ly og oppleve ver og bølgjer. Hytta har teke formspråk frå nausta som ligger der i dag.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård stod for den offisielle opninga tirsdag 27. juni 2023.