Strekninga er ein viktig del av ny Ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen, og er den vegstrekninga som vil binde saman prosjekta E39 Rogfast og E39 Stord - Os (Hordfast).
Sentralt i arbeidet med kommunedelplanen er å halde kostnader nede, redusere inngrep i verdifull natur og ha fokus på klimagassreduserande tiltak. Forslag til kommunedelplan skal vere klar i 2023.
– Å finne fram til dei løysingane som samla sett tek best omsyn til kostnader, natur, miljø, naboar, grunneigarar og framtidige brukarar er alltid krevjande i eit kommunedelplanarbeid, og kanskje spesielt i ein så omfattande plan som dette, seier planleggingsleiar Henry Damman.
Statens vegvesen vil starte arbeidet med statleg kommunedelplan for strekninga hausten 2021. Arbeidet inneber å utarbeide kommunedelplan med konsekvensutredning inkludert kryss og lokalvegtilknyting.
Ynskjer mange tilbydarar og god involvering
Planarbeidet omfattar 57 kilometer firefelts veg, inkludert fire større bruer. Strekninga går gjennom dei tre kommunane Bokn, Tysvær og Sveio, i fylka Rogaland og Vestland. Sjølv om arbeidet er i statleg regi, legg Vegvesenet vekt på god dialog og involvering av kommunane.
To alternativ skal utgreiast
Det er to nye traseløysingar som skal utgreiast i arbeidet med kommunedelplanen. For å redusere kostnader og inngrep i verdifull natur, er det behov for konsekvensutgreiing og utgreiing av begge løysingane. E39 og E134 har i tillegg fellesføring i området mellom Aksdal og Våg, det vert difor viktig å ivareta funksjonen til begge desse vegane i området.
– Det er eit omfattande og krevjande arbeid vi er i gang med. Vi ynskjer velkomen mange kvalifiserte tilbydarar slik at det blir god konkurranse, og vi finn den beste samarbeidspartnaren for dette viktige arbeidet, seier Damman.
I tillegg til utgreiingsarbeidet, inneber også anbodet moglegheit for fleire opsjonar.
Anbodet er lyst ut med tilbodsfrist 23. juni.
Konkurransen er utlyst i det elektroniske konkurransegjennomføringsverktøyet (KGV).