Denne gongen søkjer Statens vegvesen etter ein aktør som vil etablere, drive og halde ved like ein døgnkvileplass ein stad på strekninga Sundfloen-Alvdal grense langs riksveg 3. Den skal erstatte dagens døgnkvileplass på Sundfloen på Koppang, der kontrakten går ut sommaren 2025.
Døgnkvileplassen langs riksveg 3 Sundfloen-Alvdal grense skal ha 10–20 oppstillingsplassar for tunge køyretøy og ha sanitæranlegg med toalett og dusj.
Køyreavstanden til riksveg 3 til innkøyringa til døgnkvileplassen, skal vere maksimalt éin kilometer.
I konkurransen er det lagt inn opsjon på ladeanlegg for tungbil, slik at det i løpet av leigeperioden kan bli etablerte ladestasjonar på plassen.
Statens vegvesen ønskjer å inngå leigekontrakt for ein periode på 10 år. Leigetakaren får i tillegg opsjon på å forlengje avtalen med 1 + 1 år, til saman 12 år.
Vegvesenet ønskjer å signere kontrakten for døgnkvileplassen langs Sundfloen-Alvdal grense før påska 2025 og at plassen skal vere klar for opning sinast 1. juli 2026. Leigeperioden gjeld frå opningsdatoen.
Fristen for å gi tilbod er 9. desember 2024, men allereie 18. november arrangerer Vegvesenet ein digital tilbodskonferanse der interesserte får meir informasjon om konkurransen.
(Lenkje til konkurransen under artikkelen.)
Avhengig av samarbeid med private aktørar
Formålet med konkurransen er å gi betre tilbod til tungtransportsjåførar som skal gjennomføre normal døgnkvile, redusert vekekvil eller ta pausar innanfor regelverket om køyre- og kviletid.
– For å få utvikla eit betre tilbod til tungbilsjåførane, er vi avhengig av samarbeid med private aktørar for å få etablert fleire døgnkvileplassar, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Eirik Trøften Aas.
– Så viss det er næringsaktørar langs riksveg 3 som driv ein serveringsstad, ein bensinstasjon, ein campingplass eller anna næringsverksemd som har areal til disposisjon, og som synest det kunne vere interessant å utvide drifta med ein døgnkvileplass for tungbilsjåførar, ja, då ønskjer vi å høyre frå dei, seier Eirik Trøften Aas.
Tre døgnkvileplassar langs riksveg 3
Når noverande konkurranse er avgjord og døgnkvileplassen på strekninga Sundfloen-Alvdal grense er etablert, er alle dagens tre døgnkvilplassar langs riksveg 3 erstatta med tre nye 10-årige avtalar.
Den eine døgnkvileplassen skal liggje på Hovdmoen industriområde i Åmot kommune. Her skal langtransporten få 14 oppstillingsplassar. Plassen skal opne seinast 1. september 2025. Selskapet Døgnhvile AS har inngått avtale med Statens vegvesen.
Den andre plassen skal liggje på Steimosletta i Alvdal kommune, i same område som dagens døgnkvileplass. Den skal ha 20 oppstillingsplassar og skal opne seinast 1. september neste år. Også her vann Døgnhvile AS konkurransen.
Den tredje døgnkvileplassen, som konkurransen no dreier seg om, skal altså liggje ein stad på strekninga Sundfloen–Alvdal grense.
Kunngjering av konkurransen
Fristen for å gi tilbod i konkurransen om å etablere, drive og halde ved like døgnkvileplass på strekninga riksveg 3 Sundfloen–Alvdal grense, er 9. desember 2024.
I tildelingskriteria vil krav til klima- og miljøvenlege løysingar bli vekta 40 prosent medan pris blir vekta 60 prosent.
18. november arrangerer Statens vegvesen ein digital tilbodskonferanse.