Sprengstein frå tunnelbygginga tilsvarande ein mengde på 71 750 lastebillass er fylt på Lepsøyrevet under bygginga av Nordøyvegen. Det har skjedd nesten utan at plast er spreidd i havet.
– Vi sette krav i kontrakten som skulle hindre at det vart spreidd plast, anna søppel og forureina massar frå bygginga av Nordøyvegen. Det vart også stilt krav i utsleppsløyvet frå Statsforvaltaren. I sum vart det rammene for miljøarbeidet i prosjektet, som vi no ser resultatet av, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Tiltaka som har vore viktig for resultatet:
- Lukka containerar har hindra spreiing av søppel
- Det er brukt elektroniske tennsystem med leidningar av metall i sprenginga
- Stålarmering i sprøytebetong
- Visuell kontroll ved fylling av stein
- Kontrollar i prosjektet kvar veke
- Stikkprøvekontrollar
- Samarbeid med Plastpiratane
Spreier ikkje plast
Spreiing av plast i havet frå sprengt stein har vore ei stor utfordring i anleggsbransjen og ført til omfattande oppryddingsaksjonar andre stadar.
– Ved å bruke elektronisk tennsystem og stålarmering blir restar av plast bygd inn i sjøfyllingane og stålarmering søkk til botn. Det hindrar spreiing. I testforsøk og kontrollar har vi funne svært få og oftast ingen plastfragment i sjøen etterpå, fortel prosjektleiar Marianne Nærø.
Profesjonell entreprenør
Møre og Romsdal fylkeskommune har kontrakt med Skanska om bygginga av Nordøyvegen. Dei har jobba seriøst og profesjonelt med miljøarbeidet i heile prosjektperioden. Det arbeidet har involvert alle som jobbar i prosjektet, både anleggsarbeidarane og leiarnivået.
Pirat-samarbeid
I tillegg til at det vart gjennomført visuelle kontrollar da det blei fylt stein, har det også vore jamlege kontrollar av strandlinja og anleggsområdet . Tidleg i 2019 starta Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska også samarbeid Plastpiratane frå Lepsøya, som gjer ein stor, frivillig innsats med strandrydding i området.
– Plastpiratane har vore viktige for å få tilbakemelding på om systema og kontrollregimet vårt har fungert. Vi har invitert dei med på våre kontrollar og dei har bidratt med kunnskap om marin forsøpling inn i vår prosjektorganisasjon. Det har vore eit verdifullt samarbeid for oss, som vi vil anbefale andre byggherrar, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Erfaringane frå utfylling, tildekking og mudring i sjøen på Nordøyvegen er samla i ein sluttrapport, som er sendt til Statsforvaltaren. Rapporten er tilgjengeleg for nedlasting nederst på denne sida.