Illustrasjonen syner holdeplassen for Bybanen i Eidsvåg. Til venstre i illustrasjonen forlenga Fløyfjellstunnel. Illustrasjon: Bergen kommune
Publisert: 28.11.2023 

Tildeling av kontrakt for kvalitetssikring av Bybanen til Åsane

Oppdraget med å kvalitetssikre styringsunderlag og kostnadsoverslag for vedteken reguleringsplan av Bybanen og sykkelveg til Åsane er tildelt Holte Consulting AS.

Vestland fylkeskommune har sluttført innkjøpet av konsulent som skal kvalitetssikre styringsunderlag samt kostnadsoverslag av vedteken reguleringsplan for byggetrinn 5 bybane og sykkelveg frå Bergen sentrum til Åsane. Oppdraget er tildelt Holte Consulting AS, som også har ein rammeavtale med Finansdepartementet på tilsvarande oppdrag.

–  Vi fekk inn svært gode tilbod i konkuransen frå fleire av dei beste leverandørane som gjennomfører oppdrag med kvalitetssikring av store samferdsleprosjekt. Kvalitetssikringsprosessen har som føremål å kvalitetssikra styringsgrunnlaget samt kostnadsoverslaget for bygging av bybane og sykkelveg til Åsane, seier sjef anskaffingar og totalentreprisar Ole Wilhelm Mortensen i Bybanen Utbygging.

Gjennomføring av kvalitetssikring (KS2) er ein del av prosjektmodellen i staten for store investeringsprosjekt.

– Tildelinga av denne kontrakten med Holte Consulting AS er ein viktig milepæl i vegen vidare for å sikre Bybanen som det viktigaste bidraget i målsettinga om nullvekst for persontransport med bil , seier Mortensen.

Kvalitetssikringa startar no

Holte Consulting AS startar opp arbeidet no, og arbeidet er forventa sluttført innan fyrste kvartal 2024. Holte Consulting skal kvalitetssikre prosjektets endringslogg, basisestimat, kontraktsstrategiar, samfunnsøkonomisk lønsemd og at planen for prosjektet gjer at målsetningane (gevintsrealiseringa) blir nådd.

I reguleringsplanen for byggetrinn 5 Sentrum – Åsane er heile prosjektet inkludert forlenging av Fløyfjelltunnelen kostnadsberekna til 22,2 milliardar kroner.  Holte Consulting AS skal kvalitetssikre byggetrinn 5 utan Fløyfjelltunnelen. Staten vil gjennomføre ei eiga kvalitetssikring av Fløyfjelltunnel-arbeida.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur