Måndag 21. august startar Statens vegvesen å skredsikra E16 ved Bolstad, ved Vassendaberget. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 18.08.2023 

Statens vegvesen skredsikrar E16 ved Bolstad

Måndag 21. august startar Statens vegvesen å skredsikra E16 Bolstad, ved Vassendaberget.

Arbeidet vil bestå av skoging, spettreinsk/bolting og montering av isnett.

Jobben vil pågå i tidsrommet 21. august til 15. oktober (veke 34-42).

– Enkelte veker jobber me natt, og andre dag. Arbeidstid på natt er 20.00-06.00 og på dag 07.00-19.00. Følg med 175.no eller appen Vegvesen trafikk for oppdateringar, seier byggjeleiar Bente Bjotveit i Statens vegvesen.

Me er klar over at det føregår ein god del anna arbeid på E16 i tidsrommet me skal utføra arbeidet, så me skal syta for å samkøyra kolonnar på vegen så langt det er mogleg, legg ho til.

– Sidan me arbeider tett på høgtrafikkert veg og smalt sideterreng, vil me bruka manuell trafikkdirigering i dei høve når arbeidet krev det. Elles brukar me trafikklys, avsluttar Bjotveit.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur