Ivarsflottunnelen på rv. 13 i Suldal. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 31.03.2025 

Statens vegvesen øver i Ivarsflottunnelen

Statens vegvesen øver i riksveg 13 Ivarsflotttunnelen i Suldal 3. april, og stenger då tunnelen tre timar på kveldstid.

Stenginga finn stad klokka 18.00–21.00.

Dette er ei fullskala øving der naudetatane deltar saman med Statens vegvesen.

– Fullskala øving er eit et krav i tunnelsikkerheitsforskrifta, og ein viktig del av vårt kontinuerlege arbeid med å sørge for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett. Vi gjer dette for trafikantene sin tryggleik, og for å vere best mogleg førebudd ved reelle hendingar i tunnel. Ein del av øvinga er å bruke røykmaskin for å simulere brann. Det vil derfor vere mogleg å sjå røyk i området rundt tunnelen, men denne er heilt ufarleg og vil raskt forsvinna, seier brannvernleiar Viktoria Gierukas i Statens vegvesen.

Den 1000 meter lange Ivarsflottunnelen vart opna i 2004. Tunnelen har ein gjennomsnittleg årsdøgntrafikk (ÅDT) på 500 køyretøy i døgnet. Av dette er 20 prosent, eller 100, lange køyretøy (tungtrafikk).

Det er ingen lokale omkøyringsmoglegheiter medan tunnelen er stengd.

– Statens vegvesen har forståing for at dette kan vera for krevjande for trafikantane, men vi vil understreka at vi gjer det for dei, og at vi no varslar i god tid slik at alle kan vera førebudd, legg Gierukas til.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur