– Vi kallar det ein fagdag om tunneltryggleik, seier brannvernleiar Kjetil Larsen i Statens vegvesen om øvinga der Vegvesenet, naudetatar, køyreskular, NLF (Norges Lastebileier-Forbund), samt transportselskapa Firda Billag og Transferd deltek.
Statens vegvesen har med jamne mellomrom tunneløvingar saman med naudetatar, men prøvar no ut ei ordning med å invitera fleire til øvingane, for å auka forståinga av tunnelsikkerheit sjølvbergningsprinsippet.
– Det er fordi vi ynskjer å læra dei om tunnelsikkerheit, slik at dei kan vidareformidla denne kunnskapen til elevane og medlemmane sine.
– Målet er å læra dei å bruka tryggleiksutstyr i tunnelar, og kvifor ein skal bruka dét, og ikkje sin eigen mobiltelefon. Dersom ein opplever ei hending i ein tunnel, er det viktig å bruka sikkerheitsutstyret som finst der, mellom anna SOS-telefonane. Slik, og berre slik, får Vegtrafikksentralen (VTS) vita nøyaktig kvar du er, understrekar han.
Slik merkar trafikantane øvinga
Det vil bli kolonnekøyring frå kl. 18.00 til 18.30 i begge retningar medan øvinga blir rigga til.
Tunnelen vil vera heilt stengd frå 18.30-19.15, og vert opna kort tid etterpå.
Under øvinga vil det bli brukt røyk som kan vera synleg utanfor tunnelen, men denne er heilt ufarleg og vil raskt forsvinna.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengd tunnel på ei strekning utan lokal omkøyringsveg kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det nettopp for dei. Ei slik stenging er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for sikkerheitsgodkjenning av tunnelen at vi skal halda slike øvingar, legg Larsen til.
Øvinga er ein del av Statens vegvesen sitt kontinuerlege arbeid med å halda tunnelane trygge, noko som er ein del av vårt samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er ein viktig del av samfunnsberedskapen. Det å førebu seg på ulike situasjonar er ein del av dette.
Larsen understrekar at slike øvingar er avgjerande for å sikra at beredskapslinjene er best mogleg førebudde, og rutinane drilla, den dagen ein reell situasjon finn stad.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer difor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, blir gjort så korte som mogleg. Øvingar som denne er eit døme på ei planlagd og nødvendig stenging.
– Difor oppmodar vi som alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal på køyretur. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på vegane, avsluttar brannvernleiar Kjetil Larsen i Statens vegvesen.
I tillegg vil verta opplyst om stenginga på digitale fritekstskilt. Desse vil vera plasserte på Skei, og i Førde og Sogndal.
Dette er tunnelen
Den 8600 meter lange Kjøsnestunnelen vart opna 9. november 2022.
Han blir gjennomsnittleg trafikkert av 1.615 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 22 prosent, eller 355, lange køyretøy (tungtrafikk).