Før sommaren monterte vi godkjende endar på alle eksisterande rekkverk langs vegstrekninga på om lag tre mil.
I tillegg erstatta vi rekkverk i portalane på Markhus- (2409 meter), Glymje- (818) og Langfosstunnelen (728 meter).
Fekk midlar gjennom RNB
No fullfører vi sikringa av E134 i den nest sørlegaste kommunen i Vestland.
– Takka vera midlar til trafikksikring (TS) gjennom revidert nasjonalbudsjett (RNB) skal vi i løpet av hausten erstatta ytterlegare 10.946 meter rekkverk på E134 langs Åkrafjorden, mellom Stordals- (1190 meter) og Rullestadtunnelen (2920 meter), seier byggeleiar Einar Hauge i Statens vegvesen.
– Derfor gjer vi dette
Det er viktig å understreka at eksisterande rekkverk ikkje utgjer noka trafikkfare, men vi er nøydde til å oppgradera rekkverka til eksisterande regelverk, presiserer Hauge.
– Ved å skifta ut gammalt rekkverk betrar vi trafikktryggleiken på dette vegstykket som daglig vert trafikkert av i gjennomsnitt 2 100 køyretøy.
Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 24 prosent, eller 504, lange køyretøy (tungtrafikk).
Fartsgrensa på den tre mil lange strekninga mellom Stordals- og Rullestadtunnelen er 80 km/t.
Rett i kjernen av drift og vedlikehald
Dette TS-prosjektet går rett inn i kjernen på det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om.
– Dette er eitt av mange prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, og ikkje er dei mest kostbare, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet.
Gode rekkverk bidreg også til å redusera risikoen for ulukker og alvorlege hendingar, eller minska skadane når ei ulukke har skjedd, i tråd med vår nullvisjon for drepne og hardt skadde i trafikken.
Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon.
Det handlar om å ta vare på det vi har, noko som er noko av det finaste du kan gjera både for samfunnet og klimaet. Det å sikra ei europavegstrekning med ein fjerdedel tungtrafikk er eit godt døme på dette.
– Konsekvensen større om vi ikkje gjer noko
Arbeida vert gjort på dagtid. Trafikkavvikling skjer med hjelp av manuell dirigering og ledebilar.
– Vi har forståing for at vegarbeid med venting kan opplevast som krevjande for trafikantane. Men då er det viktig å minne om at vi gjer det for dei, for at vegen skal vera trygg og framkomeleg også i morgon. Og ikkje minst at konsekvensene for trafikantane vil verta endå større viss vi ikkje gjer vedlikehaldsarbeid som dette.
Det er Agder-firmaet SVB Veisikring AS skal gjera jobben. Dei startar i månadsskiftet og skal vera ferdig seinast 20. november. Oppdraget kostar 6,8 millionar pluss moms.