Anbefalinga frå Statens vegvesen har vore diskutert i Regjeringa. No vil det bli større fleksibilitet i å bygge ut firefelts motorveg på vegar der det køyrer mellom 6.000 og 20.000 køyretøy i døgnet.
I dag er ein firefelts veg 23 m brei med ei skulderbredde (området frå vegfila til der asfalten sluttar) på over 2,75 meter.
Vegar med 6.000 til 12.000 køyretøy i døgnet
I dag blir vegar med 6.000 til 12.000 køyretøy i døgnet bygd som to-trefeltsvegar. No vil det vere mogleg å bygge firefelts veg på desse strekningane. Firefeltsvegen skal ha ei bredde på 19,0-21,5 meter og skulderbredde på mellom 1,5 og 2 meter. Det vil vere mogleg med ei fartsgrense på 110 km/t.
Vegar med 12.000 til 20.000 køyretøy i døgnet
I dag blir det bygd firefelts veg på desse strekningane. Med dei nye endringane vil det vere mogleg å bygge med ein smalare firefelts veg. Vegen kan ha ei bredde på 20,0-23,0 meter og skulderbredde på mellom 2 og 2,75 m. Det vil vere mogleg med ei fartsgrense på 110 km/t.
– Eg vil understreke at dersom skulderbredda blir bygd under 2 meter for den smalaste firefeltsvegen og 2,75 m for den andre, må det leggast opp til avbøtande tiltak, seier samferdselsministeren.
Det vil vere Statens vegvesen som vurderer kva for avbøtande tiltak som skal nyttast på dei ulike strekningane. Det vil vere opp til den aktuelle byggherren (som Statens vegvesen og Nye Veier) å foreslå kva slags veg som skal nyttast. Samferdselsdepartementet vil ta den endelege avgjerda.
Fleire vegar er aktuelle
Fleire prosjekt som er under planlegging kan vere aktuelle for den nye vegstandarden, som til dømes E39 Ålesund–Molde, E134 Saggrenda–Gvammen, E39 Mandal–Ålgård, E18 Dørdal–Tvedestrand, E6 Roterud–Øyer, E6 Ulsberg–Melhus, E6 Kvithammar–Åsen og rv.4 Oslo–Mjøsbrua.
– For desse vegane kan den samfunnsøkonomiske lønsemda auke, som følgje av moglegheita til å bygge smal firefelt veg, seier Hareide.