Etter skred på staden i 2018. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 20.08.2024 

Skredsikring som verkar

Sjå skilnaden på riksvei 15 Dårflot i Stryn før og etter skredsikring.

For to år sidan bygde Statens vegvesen skredsikringsanlegg ved riksvei 15 Dårflot i Oppstryn, ved Djupesvora.

Lesja Bulldozerlag AS gjorde jobben for ein kontrakt på 9 millionar pluss moms.

Dette er jobben som vart gjort

Magasinet nærast vegen vart utvida. Slik har det fått større kapasitet både ved skred og høg vassføring. Det er til stor hjelp i dette området som er utsett både for sørpe-, flaum- og snøskred.

I skredkanalen vart det etablert tersklar og erosjonssikring på utsette område. Tersklar er høgdeforskjellar i terrenget. Desse bidreg til å ta farten og energien ut or skreda.

Kulverten under vegen vart forlengt inn i terrenget, og det vart montert betongrekkverk mellom elva og vegen.

I tillegg vart det høgare i terrenget bygd to flaumskredgjerde av typen Geobrugg VX-140 for å samla opp skredmasse. Dette bidreg til å ta energi ut av dei store skreda som kan koma ned den bratte fjellsida.

… og slik har det verka

Nyleg gjekk det eit skred i dette området. Bileta viser tydeleg at skredsikringa verkar.

– Som vi ser av bileta, så fungerte skrednetta etter hensikta. Dei stoppa store mengder med til dels stor stein som elles kunne ha kome inn på vegen. At stein vert stoppa, bidreg og til at magasinet betre kan handtera mengdene som kjem ned der. I tillegg har dreneringa har god funksjon, seier geolog Jens Tveit i Statens vegvesen.

– Når skredfaren er over, vert skrednetta rydda. Som ein del av prosjektet sytte vi for å byggja tilførselsvegar slik at vi utan problem kjem heilt inn til skredkanalen for å rydda opp, seier Pål-Anders Rindal som var Statens vegvesen sin byggeleiar for prosjektet.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur