Det er seks månader sidan siste dødsfallet på vegane i Møre og Romsdal. Så langt i år har fylket hatt berre tre personar omkomme i trafikken. Knut Opeide/Statens vegvesen
Publisert: 07.11.2023 

Sjette månaden utan dødsulykker i Møre og Romsdal

Medan det er ei auke i trafikkdødsfalla i dei fleste av landets fylkar så langt i år, opplev Møre og Romsdal låge tall for fjerde året på rad.

Så langt i år har berre tre menneske omkome i trafikken i Møre og Romsdal, visar førebelse ulykkestal frå Statens vegvesen. Det er like mange som på same tid i både 2020, 2021 og 2022. I 2019 omkom ni personar på vegane i Møre og Romsdal. Dette var det verste ulykkesåret for fylket dei siste ti åra. Medan talet på omkomne i trafikken har gått opp på landsbasis både i fjor og i år, er Møre og Romsdal eitt av fire fylker der dødstala er uendra eller har gått ned. Det er berre i Oslo at færre menneske har mista livet i trafikken så langt i år.

– Sjølv om kvar dødsulykke er ei for mye, er det gledeleg at talet over trafikkdrepne i Møre og Romsdal held seg stabilt lågt. Så må det også nemnast at statistikken på landsbasis er dystrare enn på fleire år, seier Olav Astad i Statens vegvesen.

Møteulykker og utforkøyringar

Totalt har det vore 111 dødsfall på norske vegar så langt i 2023. Det er 16 fleire enn på same tid i fjor. Det har vore ei stor auke i møteulykker med dødeleg utfall (frå 34 til 50), men også ei auke i dødsfall i forbindelse med utforkøyringar (frå 29 til 37). I Møre og Romsdal har det vore to møteulykker og ei utforkøyring som har resultert i dødsfall så langt i år. Dei omkomne er to menn i 20-åra og ein mann i 70-åra. Den siste dødsulykka i Møre og Romsdal var i april. Det vil seie at det har gått eit halvt år utan dødsfall i trafikken i fylket.

– Me ser at dei fleste trafikkulykkene skjer på dei mest trafikkerte vegane, og at fart gjerne er en faktor. På lite trafikkerte vegar blir gjerne det som kunne ha vore møteulykker andre stader, til utforkøyringar i staden, fortel Astad.

I tillegg til låge dødsfall i trafikken dei siste åra, opplev Møre og Romsdal også ein jamn nedgang i talet på hardt skadde, ned frå 33 i 2018 til 27 i 2022.

Statens vegvesen arbeider for at ingen skal døy i trafikken

Visjonen om null drepne i trafikken i 2050 er fastset i Nasjonal transportplan, og ligg fortsatt fast for alle trafikktryggleiksaktørane. Eit viktig delmål er at vi skal ha maksimalt 50 omkomne og 350 hardt skadde i trafikken i 2030.

– For å nå dette målet er me avhengige av samarbeid om trafikktryggleiken. Møre og Romsdal fylkeskommune gjer eit godt arbeid på området, og det same gjeld også Trygg Trafikk. Dessutan er politiet og dei kontrollane dei utfører ein veldig viktig del av trafikktryggleiksarbeidet, seier Olav Astad.

– Det er alltid ein tragedie når det skjer dødsfall i trafikken, og det same gjeld for hardt skadde. Alt for mange får varige mein etter trafikkulykker. Difor er det viktig at folk tar ansvar for seg sjølv og sin eigen tryggleik etter vegen. Bruk bilbelte, vær rusfri, hold fartsgrensa og vær oppmerksam. Viss alle hadde gjort desse tinga, ville vi hatt mange færre ulykker.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur