Illustrasjonsbilete. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 16.11.2023 

RNB-midlar gir over 1000 nye lysarmaturar på riksvegane i Trøndelag

Neste veke startar jobben med å byte ut over 1000 lysarmaturar på riksvegane i Trøndelag. Satsinga er bra for både energiøkonomien og trafikktryggleiken.

Dette tiltaket er eit direkte resultat av ekstra midlar via revidert nasjonalbudsjett, og det skal bytast armatur både på riksvegar og gang- og sykkelvegar langs riksvegar.

Mykje å spare

– Ei nasjonal kartlegging av vegbelysningsanlegga til Statens vegvesen viser at det er mykje å spare på å byte ut konvensjonelle lyskjelder på 250/400 W med armaturar som brukar LED-teknologi, og som i tillegg nyttar midtpunktdimming for å ytterlegare redusere straumforbruket. Ikkje minst gir dette betre lys og sikt som er veldig viktig for trafikktryggleiken, seier prosjektleiar June Skarsvåg i Statens vegvesen.

Desse strekningane får nye lysarmaturar

Her er oversikta over kvar armaturane skal bytast ut:

Vegstrekning Tal på armatur
E6 Lundamo - Kvålsvegen 234
E6 Fagerhaug (Oppdalsporten) 18
Rv 70 Fra Oppdal sentrum 44
E6 Rundkjøring Mule - Verdal 195
E6 Åsen nord 40
E6 Sparbu 62
E6 Harran Nord og Sør for sentrum 87
E6 Følling 32
E39 Staurseth 31
E39 Liabøen 22
E39 Betna 27
E6 Kvithamar Stjørdal - Langstein 225
E14 Stjørdal Ligårdkrysset - Circkle K 51
Det samla talet armaturar 1068

Statens vegvesen har inngått kontrakt med SET Elektro for desse arbeida. Bytinga vil gå fram mot nyttår.

Vis omsyn

– Arbeida vil gå føre seg på kveld og natt slik at det minst mogleg går utover trafikantane. Det vil bli skilta nedsett fart, det blir fysisk skilje mellom arbeidsområde og køyrebane og manuell trafikkdirigering. På nokre av strekningane blir det brukt ledebil. Vi ber om at folk følgjer skilting og dirigering og viser omsyn, tryggleiken for trafikantar og dei som gjer jobben er det aller viktigaste, understrekar Skarsvåg.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur