Foto: Erik Burås for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 12.05.2023 

RNB 2023: Regjeringa vil bruke 1,2 milliardar kroner meir på vedlikehald av riksvegar – ei rekordhøg satsing

Regjeringa foreslår styrking av drift og vedlikehald på riksvegar med 1,2 milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Dette kjem i tillegg til styrkinga med ein milliard i statsbudsjettet for 2023. – Denne regjeringa fører ein ansvarleg vegpolitikk. Styrkinga vi no foreslår vil bidra til ei rekordhøg satsing på drift og vedlikehald, og viser at regjeringa prioriterer å ta vare på dei vegane vi har, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Vedlikehald er avgjerande for eit robust og godt riksvegnett, slik at vegane kan brukast i mange år til. Godt vedlikehald vil også medverke til å redusere kostnadane til drift av veginfrastrukturen. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til drift og vedlikehald med til saman 1,2 milliardar kroner. Dette kjem på toppen av dei 9,4 milliardane som allereie ligg inne i statsbudsjettet for 2023 til drift og vedlikehald av vegar, ei styrking frå 2022 med ein milliard kroner.

– Med dei ekstra pengane vi no foreslår i RNB, vil Statens vegvesen utføre betydeleg meir vedlikehald i 2023 enn først planlagt. Samla sett blir nivået på løyvinga til drift og vedlikehald på riksvegar i 2023 med dette rekordhøgt, og nærmar seg eit nivå der vi vil kunne forhindre nytt forfall på norske vegar i år, seier samferdselsministeren.

Det blir foreslått ein auke på budsjettposten for drift og vedlikehald av riksvegar på til saman 1 237,3 millionar kroner. Forslaget omfattar ein auke på 1 044,7 millionar kroner for å styrke vedlikehaldet av riksvegar. Auken blir finansiert med ledige midlar frå andre postar på budsjettet til Samferdselsdepartementet. I tillegg kjem ekstraordinær lønns- og prisomrekning på 190,9 millionar kroner på posten. I forslaget ligg det også 1,8 millionar kroner til kompensasjon for midlertidig auka arbeidsgivaravgift.

– Med dette viser regjeringa vilje til å velje det som er viktig. Vi må få meir for pengane. Vi må ta vare på vegane våre, og vi må prioritere trygt og ansvarleg gjennom ei uroleg tid, seier Nygård.

Vedlikehald gir tryggare vegar

Statens vegvesen vil prioritere vedlikehaldstiltak som kan startast opp i 2023. Pengane skal gå til blant anna dekklegging, bergsikring, drenering, vedlikehald av bru og tunnel, rekkverk, vegutstyr, elektro-, og trafikksikringstiltak.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur