I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å omdisponere 248,4 millionar kroner til vedlikehald av riksvegane. Utbetring av setningsskader, tunneltryggleik, belysning og tiltak mot utforkøyringar er dømer på tiltak som kan bli gjennomført i år. Statens vegvesen fordeler midla på aktuelle prosjekt.
– Vi ønsker å prioritere tiltak som vil betre trafikktryggleiken og lette framkoma. Med desse midlane vil det vere mogleg å gjere ekstra vedlikehald på riksvegar over heile landet, seier Hareide.
Midlar til lokale tiltak i Bergensområdet og Trondheimsområdet
Regjeringa foreslår å sette av 212 millionar kroner til lokale tiltak i byvekstavtalane for Bergensområdet og Trondheimsområdet.
Det kan vere etablering av gang- og sykkelvegar og kollektivtiltak langs dei kommunale og fylkeskommunale vegane, og vil bidra til å nå måla i byvekstavtalane.
– Dette vil gjere det enklare å ferdast i Bergen og Trondheim. Ved å auke støtta til to av våre største byområde, legg vi til rette for at fleire kan velje kollektivtransport, sykkelen eller å gå, seier samferdselsministeren.
Til Bergensområdet foreslår regjeringa om lag 57 millionar kroner. Prosjekt som kan vere aktuelle, er gang-, sykkel og kollektivtiltak på Paradis, gang- og sykkelveg på fv. 404 Kvamsbrekko i Lindås, kulvert og busstopp på Idrettsvegen i Øygarden og etablering av gangveg mellom helsehuset og Såtabu i Knarvik.
Til Trondheimsområdet foreslår regjeringa om lag 155 millionar kroner. Prosjekt som kan vere aktuelle, er lokalt sykkelvegsystem på Sluppen, gang- og sykkelbru over E6 i Melhus, og gang- og sykkelbru over Bjørndalen (Saupstadbrua).