Ekstraløyvinga kjem i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett for 2022. Det er allereie løyvd 30 millionar kroner til å gjere ferjene i trafikksvake samband gratis.
Regjeringa foreslår no å auke løyvinga til gratis ferjer med 59 millionar kroner, med ei fordeling på 53 millionar kroner til fylkesvegferjer og 6 millionar kroner til riksvegferjer. Regjeringa foreslår dermed å løyve totalt 89 millionar kroner til gratis ferjer i 2022.
Samstundes forslår regjeringa å utvide ordninga til òg å omfatta delstrekningar til øyer og samfunn utan veg til fastlandet. Gratis ferje kan bli innført i andre halvår 2022.
– For Ap-Sp-regjeringa er det avgjerande viktig å legge til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile Norge. Med dette foreslår altså regjeringa å løyve totalt 83 millionar kroner til fylka i 2022, for å gjere eit stort tal ferjesamband gratis. Dette vil gjere reisekvardagen billigare for mange folk. Samstundes vil det redusere kostnadane for næringslivet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegferjene, og dei har derfor òg ansvaret for korleis midlane skal bli brukt.
Ferjer med fleire delstrekningar
– I nokre ferjesamband i Noreg har ferja fleire stopp. Nokre av desse stoppa er på øyer og i vegløse samfunn. Vi ønsker å starte arbeidet med å gjere desse strekningane gratis, seier Nygård.
Derfor foreslår regjeringa å bruke 6 millionar kroner av midlane til gratis ferjer til Røst og Værøy på rv. 80 Bodø–Røst–Værøy–Moskenes i Nordland og til Skipavik på rv. 13 Hjelmeland–Skipavik–Nesvik i Rogaland.
I tillegg gjeld dette nokre ferjer på fylkesvegane (sjå tabell nedst i pressemeldinga).
Oversikt over ferjesamband som kan bli gratis
Under følger ei oversikt over dei sambanda på fylkesveg som ifølge ferjedatabanken hadde færre enn 100.000 passasjerar i 2019. Det kan vere avvik i tabellen, men den er eit utgangspunkt for fordeling av midlar fylkeskommunane i mellom. Det er likevel opp til fylkeskommunane å fordele bruken av midlar mellom sine eigne ferjesamband.
Fylke | Samband |
Innlandet | Tangen - Horn |
Agder | Abelnes - Andabeløy |
Rogaland | Haugesund - Utsira |
Rogaland | Stavanger - Lysebotn |
Vestland | Hisarøy - Mjånes |
Vestland | Barmen - Barmsund |
Vestland | Ortnevik - Måren - Nordeide |
Vestland | Klokkarvik - Lerøy - Bjelkarøy - Hjellestad |
Vestland | Daløy - Haldorsneset |
Vestland | Fjelberg - Sydnes - Utbjoa |
Vestland | Kinsarvik - Utne |
Vestland | Fedje - Sævrøy |
Vestland | Florabassenget |
Vestland | Masfjordnes - Duesund |
Vestland | Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella |
Vestland | Husavik - Sandvikvåg |
Møre og Romsdal | Molde - Sekken |
Møre og Romsdal | Festøya - Hundeidvika |
Møre og Romsdal | Småge - Orta - Finnøya - Sandøya - Ona |
Møre og Romsdal | Arasvika - Hennset |
Møre og Romsdal | Sæbø - Leknes - Skår - Trandal - Standal |
Trøndelag | Dypfest-Tarva |
Trøndelag | Storfosna-Leksa-Værnes |
Trøndelag | Sula - Mausund - Dyrøy |
Trøndelag | Garten-Storfosna |
Trøndelag | Skei - Gutvik |
Nordland | Digermulen - Finnvik |
Nordland | Stokkvågen - Træna |
Nordland | Mosjøen - Hundåla |
Nordland | Igerøy - Tjøtta |
Nordland | Nordnesøy - Kilboghamn |
Nordland | Sund - Horsdal - Sørarnøy |
Nordland | Ørnes - Vassdalsvik - Meløysund - Bolga - Støtt |
Nordland | Svolvær - Skrova - Skutvik |
Nordland | Nesna - Nesnaøyene |
Nordland | Stokkvågen - Onøy - Sleneset - Lovund |
Nordland | Jektvik - Kilboghamn |
Nordland | Tjøtta - Forvik |
Nordland | Horn - Igerøy |
Troms og Finnmark | Mikkelsby – Kongshus |
Troms og Finnmark | Øksfjord – Bergsfjord – Sør–Tverrfjord |
Troms og Finnmark | Øksfjord - Tverrfjord |
Troms og Finnmark | Mikkelvik- Bromnes |
Troms og Finnmark | Strømsnes - Kjerringholmen |
Troms og Finnmark | Rotsund- Havnnes- Uløybukt |
Troms og Finnmark | Nyvoll - Eidsnes (Korsfjord) |
Troms og Finnmark | Bellvik- Vengsøy |
Troms og Finnmark | Øksfjord - Hasvik |
Troms og Finnmark | Botnhamn- Brensholmen |
Troms og Finnmark | Storstein- Nikkeby- Lauksundskaret |
Troms og Finnmark | Hansnes- Karlsøy- Vannøy |
Troms og Finnmark | Hansnes- Reinøy |
Oversikt over delstrekningar på ferjesamband på fylkesveg som kan bli gratis
I tillegg til dei to delstrekningane på riksvegferjer, følgjer ei oversikt under over dei delstrekningane som går til øyar og samfunn utan veg til fastlandet på ferjesambandpå fylkesveg med over 100.000 passasjerar. Oversikta er ikkje nødvendigvis komplett.
Fylke | Samband |
Vestfold og Telemark | Kragerø-Skåtøy-Stabbestad |
Rogaland | Fogn - Judaberg - Nedstrand - Jelsa |
Vestland | Askvoll - Gjervik - Fure - Værlandet |
Vestland | Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes |
Vestland | Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes |
Vestland | Måløy - Husevågøy - Oldeide |
Møre og Romsdal | Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya |