Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen
Publisert: 14.05.2024 

Revidert nasjonalbudsjett 2024: Foreslår kostnadsramme på 1,3 milliardar kroner til ombygging av Kolbotn stasjon på Østfoldbanen

Ombygging av Kolbotn stasjon er nødvendig for å kunne ta i bruk nye lokaltog på strekninga Oslo–Ski. Regjeringa foreslår no ei kostnadsramme på 1,3 milliardar kroner for ombygginga av stasjonen, som etter planen startar i 2025 og skal vere ferdig i desember året etter.

– Nye Kolbotn stasjon skal bli universelt utforma, slik at enda fleire reisande kan velje grøne togreiser frå desember 2026. Samtidig vil nye lokaltog ha plass til fleire passasjerar og forårsake langt færre forseinkingar og innstillingar enn det gamle togmateriellet som trafikkerer strekninga Oslo-Ski i dag. Med denne tilrettelegginga blir det meir attraktivt å ta tog på strekninga, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Auka kostnader – og eit best mogleg togtilbod i anleggsperioden

Ombygginga av Kolbotn stasjon har vore planlagt lenge. Kostnadane har auka på grunn av behov for midlertidig signalanlegg før det nye signal- og sikringssystemet ERTMS blir tatt i bruk, og eit større omfang av midlertidige konstruksjonar nær stasjonen for å oppretthalde eit best mogleg togtilbod i byggeperioden.

Som følgje av at prosjektkostnaden har auka til over 1 milliard kroner, må Stortinget godkjenne kostnadsramma før bygginga kan starte.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur