Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 29.06.2021 

Reguleringsplan for E16 og Vossebanen Arna–Stanghelle på høyring

Reguleringsplan for strekninga E16 og Vossebanen Arna–Stanghelle er no lagt ut til offentleg ettersyn. Frist for merknadar er sett til 17.09.2021.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som er planmynde og har godkjend at planen kan leggjast ut på høyring.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Bane NOR og Statens vegvesen der målet er tryggare og raskare veg og bane på strekninga. Prosjektet ligg inne i Nasjonal transportplan for perioden 2022–2033.

Når Arna–Stanghelle blir ferdig utbygd vil reisetida bli redusert frå 28 til 14 minutt på jernbanen og frå 30 til 23 minutt på veg. I tillegg aukar transportkapasiteten og ikkje minst sikkerheita.

Med godkjent reguleringsplan hausten 2021 er det mogleg med byggestart i 2024. 

Planforslag og rapportar

Planforslaget med tilhøyrande dokument er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 01.07.2021–17.09.2021.

Papirutgåve

Plankart i målestokk 1:2000 med føresegner og planomtale kan sjåast på i papirutgåve ved å ta kontakt med resepsjonen her:

  • Innbyggerservice Bergen kommune, Kaigaten 4
  • Vaksdal rådhus, Dale.

Partar som prosjektet vil ha direkte følgjer for og offentlege samarbeidspartnarar vil få brev.

Digitale folkemøte – sett av dato

Det blir arrangert to digitale folkemøte der du får informasjon om prosjektet og det blir mogleg å stille spørsmål skriftleg i chat til prosjektleiar og fagpersonar.

Folkemøte I

Folkemøtet 25. august kl. 19.30–21.00 vil ha mest fokus på Bergen kommune.

Folkemøte II

Folkemøtet 26. august kl. 19.30–21.00 vil ha mest fokus på Vaksdal kommune.

Avtale om ein uformell samtale

Er du nabo, grunneigarar eller på annan måte blir påverka av prosjektet, så kan du avtale tid for å snakke med ein av våre planleggjarar.

På grunn av koronarestriksjonar vil disse møta blir per telefon eller på video (Teams).

For å avtale tid, send e-post til[email protected]

Merknader

Merknadar til reguleringsplanen sendast på e-post eller brev innan 17.09.2021.

  • E-post: [email protected]
  • Brev: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur