Jon-Ivar Nygård. Foto: Erik Burås for Samferdsel & Infrastruktur
Publisert: 22.03.2024 

Regjeringa legg fram proposisjon om delvis bompengefinansiering

– Denne bypakka skal realisere ny Risøy bru, fleire veg- og gateprosjekt, ei rekke gang- og sykkelvegar, saman med både tiltak for betre kollektivtilbod og trafikksikring. Vi legg opp til at minst halvparten av pengane i pakka skal gå til gonge, sykkel og kollektiv, som er i tråd med regjeringa sitt ønske om attraktive og klimavennlege byar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Dette går frem av proposisjon som i dag blir lagt fram for Stortinget om delvis bompengefinansiering av Bypakke Haugesund og fastlands-Karmøy.

Med ny Risøy bru blir  forbindelsen mellom Haugesund sentrum og Risøy markant betra. Kollektivtilbodet vil bli styrka, og mjuke trafikkantar vil få utvida gong- og sykkelveg. I tillegg blir det  det lagt fram fleire prosjekt og tiltak som saman  skal verke til å redusere både forureining og trafikkstøy i sentrumsområdet.

Denne bypakka skal avløyse tidlegare Haugalandspakken, med sikte på ein oppstart i 2025. I tråd med lokale vedtak byggar inn­krevjingsopplegget delvis på dagens inn­krevjing i Haugalandspakken, men utvidast til to bomringar med i alt 11 bomstasjonar.

– For å gjennomføre dette har lokale styresmakter vedteke delvis bompengefinansiering av bypakka. Pakka vil vere viktig for å oppnå nullvekstmålet for personbiltransport, slik at vi får transportveksten over på gonge, sykkel og kollektiv, seier samferdselsministeren.

Den økonomiske ramma for Bypakka er om lag 4,7 mrd. Finansieringa er basert på bompengar, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg kjem mva.-kompensasjon frå staten for prosjekt i pakka. Det er lagt til grunn ein innkrevjingsperiode på 15 år.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur