Foto: Tor Livius Midtbo/SD
Publisert: 06.09.2021 

Regjeringa foreslår meir pengar til Sotrasambandet

– Folk har venta lenge på ny bru til Sotra. Det nye Sotrasambandet skal løyse opp i flaskehalsar og blir ei stor forbetring for alle som ferdast der i dag. Tilboda som har kome inn frå entreprenørane viser at bygginga blir dyrare enn forventa. Derfor kommer vi til å foreslå meir statlege pengar til prosjektet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Sotrasambandet skal byggast som eit offentleg-privat samarbeid (OPS-prosjekt). Det betyr at eitt selskap skal bygge, finansiere og ha ansvar for drift og vedlikehald av Sotrasambandet i inntil 25 år.

Kontrakten for OPS-prosjektet blei utlyst i desember 2019. Statens vegvesen har jobba med optimalisering og reduksjon av kostnadar for prosjektet i samarbeid med entreprenørane som har lagt inn tilbod. Ved utgangen av tilbodsfristen i august var tilboda likevel noko dyrare enn det prosjektet opphaveleg var berekna å koste.

– Statens vegvesen har i tett samarbeid med entreprenørane forsøkt å finne gode løysingar for prosjektet. No kjem dei ikkje lenger. Derfor vil regjeringa no gå til Stortinget med forslag om å auka ramma til prosjektet. Dette gjer at vi får det Sotrasambandet som er planlagt inkludert drift og vedlikehald i inntil 25 år, seier samferdselsministeren.

Forslaget om auken i ramma må avgjerast i Stortinget, og vil bli fremma i samband med statsbudsjettet for 2022. Statens vegvesen kan først tildele kontrakten etter at saka er handsama i Stortinget.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur