Sykkellé på Liasanden rasteplass med ny miljøprofil. Foto: Werner Harstad
Publisert: 17.06.2024 

Rasteplassen Liasanden langs Nasjonal turistveg Sognefjellet opnar på ny

Den stemningsfulle rasteplassen Liasanden langs Nasjonal turistveg Sognefjellet opnar 27. juni i ny sykkelvenleg drakt. Nye uteareal med sitjegrupper, betre fasilitetar for syklistar og bilfritt område er den nye miljøprofilen til rasteplassen. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård vil foreta den høgtidelege opninga.

Den rolege, lune rasteplassen i skogen ved Liasand var den første rasteplassen som sto ferdig langs dei nasjonale turistvegane i 1997. Etter 27 år med mange besøkande og mykje trafikk var Liasanden betydeleg nedsliten med skadar på røter og undervegetasjon, og derfor klar for eit løft.

Den oppgraderte rasteplassen har fått nye benkar i tre, og to skur med tak som gir ly for ver og vind; noko som har vore eit tilbakevendande ynskje frå syklistar. Dei opphavlege arkitektteikna toaletta frå 1997 blir ståande oppgraderte som eit tidsminne. Som eit miljøvenleg tiltak har Statens vegvesen stengt skogen for bilkøyring og viser til felles parkering i aust: Derifrå kan dei reisande lett spasere inn i rekreasjonsområdet.

Nyetablert vegetasjon vil framleis kunne vera sårbar for tråkk, så noko avsperring kan vere aktuelt ut sesongen.

Torsdag 27. juni klokka 12.00 gjenopnar Statens vegvesen Liasanden rasteplass. Slik blir opningsprogrammet:

  • Musikkinnslag v/gruppa «4 Sølvsupre Menn»
  • Velkomen v/Per Ritzler, Statens vegvesen
  • Arkitekturen v/Torun Golberg, Jensen & Skodvin
  • Ordførar Kristian Frisvold, Lom kommune
  • Silje Myhre Amundsen, Statens vegvesen
  • Mari Arnøygard Wedum, Visit Jotunheimen
  • Opning v/samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
  • Servering v/Lom Bygdekvinnelag

Arkitekt: Jensen & Skodvin

Entreprenør: Mesta

Byggherre: Statens vegvesen

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur