Øykommunen Solund ligg ytst i Sognesjøen, lengst vest
i landet. Kommunesenteret Hardbakke ligg på øya Sula, som er knytt til mange av dei andre øyane med bruer. For å komme til Ytre Sula, øya som ligg nesten heilt ytst i vest, må ein ta ferje over Ytre Steinsund. Den nye brua skal avløyse ferjesambandet Haldorsneset–Daløy, og knyte kommunen saman. Bruprosjektet Ytre Steinsund bru er delt inn i to entreprisar.
Den eine er vegdelen, som starta opp hausten 2022. Dei nye vegane er i ferd med å ta form, og arbeidet vert utført av Lesja Bulldozerlag. I alt skal det byggast 4,8 kilometer ny tofeltsveg, etablerast riggområde og nytt kryss ved Daløy og Nåra.
Det vert bygd veg på øyane Sula og Ytre Sula, vegen vil gå både i skjæring og på fylling. Vegen koplast på fv. 606 i nordaust, rett nord for Daløy ferjeleie. I sørvest koplast vegen på fv. 5591 vest for Nårøyna.
I juni signerte Vestland fylkeskommune kontrakt med entreprenørfirmaet Skanska på bygging av brua. Den skal krysse sundet mellom Hesteneset i nord og Guridneset i sør, og blir om lag 811 meter lang. Kontrakten har ein verdi på
i underkant av 800 millionar kroner, og er ei totalentreprise. Dette er den største samferdslekontrakten som er signert sidan Vestland fylkeskommune vart oppretta i 2020.
Prosjektet er finansiert gjennom statlege ferjeavløysingsmidlar og fylkeskommunale midlar.
Brua skal byggast som fritt-frambygg-bru, i spennarmert lavkarbonbetong. Brua har to senkekassar, som er undersjøiske fundament, og ho går over fire spenn,
der det største spennet blir 260 meter.
Brua skal stå ferdig innan desember 2026.
Paradis G/S-bru blir verdas lengste i sitt slag. Det er ei bru i fiberforsterka plast (FRP), eller kompositt på norsk,...
Les merØykommunen Solund ligg ytst i Sognesjøen, lengst vest i landet. Kommunesenteret Hardbakke ligg på øya Sula, som er knytt til...
Les merSeimsdalstunnelen frå 1965 er 1500 meter lang, og knyt saman Seimsdalen og Årdalstangen. Fylkesvegen er den einaste vegforbindelsen til dei...
Les merDet er bygd ny tunnel mellom Blakset og Robjørgane i Stryn kommune. Den nye tunnelen erstatta to gamle tunnelar som...
Les merLjotelitunnelen er eit skredsikringsprosjekt på fv. 53 i Årdal (strekninga Tyin – Årdal), og tunnelen skal avløyse ca. ein kilometer...
Les mer