Seimsdalstunnelen frå 1965 er 1500 meter lang, og knyt saman Seimsdalen og Årdalstangen. Fylkesvegen er den einaste vegforbindelsen til dei 500 innbyggjarane i Seimsdalen.
Tunnelen blir no oppgradert etter tunnelsik- kerheitsforskrifta, samstundes blir det lagt til rette for gåande og syklande med gang og sykkelveg gjennom tunnelen. Tunnelen blir dermed utvida frå 5-5,5 meter breidde til T10,5GS-profil.
Bertelsen & Garpestad AS er hovudentre- prenør for oppdraget.
Prosjektet har ei kostnadsramme på 358 millionar i 2022 kr. Anleggsarbeidet starta ved årsskiftet til 2020/2021 og er venta å vere ferdig til sommaren 2023.