Tunnelen blir heilt stengd inntil ein halvtime frå klokka 20.00–20.30, av tryggleiksmessige årsaker. Frå rundt 20.30 blir løpet frå Solbakk (Strand) til Hundvåg opna for tovegstrafikk med nedsett fart.
Tunnelløpet som går frå Hundvåg mot Solbakk (Strand) blir heilt stengd i tidsrommet 20.00–00.00 medan øvinga går føre seg.
– Tunneltryggingsforskrifta krev at vi skal ha brannøving. Dette er ein viktig del av det kontinuerlege arbeidet vårt med å sørga for eit effektivt, trygt og framkommeleg vegnett. Vi gjer dette for tryggleiken til trafikantane, for å vera best mogleg førebudd ved reelle tunnelhendingar. Ein del av øvinga er å bruka røykmaskin for å simulera ein brann i tunnelen. Det vil derfor vera mogleg å sjå røyk i området rundt tunnelen og dessutan ein del blålys, seier brannvernleiar Viktoria Gierukas i Statens vegvesen.
– Statens vegvesen er klar over at stengd tunnel kan vera utfordrande for trafikantane. Vi gjer derfor det me kan for stengingar skal bli så korte som mogleg, slik me vi gjer ved å opna det eine løpet for tovegstrafikk medan øvinga går føre seg, legg Gierukas til.