Foto: Nordic Mining
Publisert: 05.12.2022 

Oppstart av tunnelarbeid markera ny milepåle for Engebøprosjektet

Nordic Mining startar no med bygging av tunnel som skal føre malmen til prosesseringsfabrikken.

– Tunnelen er ein viktigdel av infrastrukturen under jord for mineralutvinninga hos oss, og sprenginga representerer en stor milepåle, seier Kenneth Nakken Angedal, driftsdirektør i Nordic Mining.

Infrastrukturen under jord transporterar malm frå fjellet ned til ein grovknusar gjennom ei sjakt, der den blir knust til ein størrelse som gjer det mogleg å transportere malmen med transportband til neste knusesteg  i fabrikken. 

– Vi jobbar oss no innover mot malmførekomsten og vil etter etablering av eit knusekammer, bore ei vertikalsjakt gjennom ytterkanten av førekomsten til toppen av Engebøfjellet. Når vi startar med malmuttak for produksjon av rutil og granat, vil vi jobbe oss ut frå området rundt sjakta. Malmen ligg i dagen på Engebøfjellet og vi vil derfor gå rett i høgverdimalm frå første produksjonsdag. Vi lar gravitasjonskrafta gjere jobben og sparar oss for veldig mykje maskinell transport mellom malmuttak og vidare utvinning ved denne metodikken.

Når malmen kjem til prosesseringsfabrikken blir den vidare knust og mølla ned for å frigjere minerala. Når minerala er frigjort vil dei bli separert og oppgradert til endelege produkt og lagra i siloar ved kaianlegget for vidare sjøtransport til kundar.

– Vi har berre 600 meter frå vertikalsjakt til utskipingskaia. Disse enkle prosessane og korte avstandane er nøkkelfaktorar for vår berekraftige mineralproduksjon, seier Nakken Angedal.

Nordic Mining får hjelp av ingeniørselskapa Hatch og Sweco som er integrert i byggherreorganisasjonen. Dei er spesialistar på blant annet på å utvikle og bygge mineralanlegg, geologisk rådgivning samt ingeniør- og tunnelarbeid. Teamet er samlokalisert i Sunnfjord og anleggsarbeidet er i rute. Underjordsinfrastrukturen ligg under totalentreprisekontrakta med Sunnfjord Industripartner AS.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur