Rv. 7 ved Rotneim før og etter skogrydding. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 28.02.2023 

Nytt trafikktryggingsprosjekt på rv. 7 i Hallingdal

Betre sikt og slakare sideterreng skal gjere det tryggare å vere trafikant på rv. 7 forbi Rotneim i Hallingdal.

Strekninga som skal sikrast dei neste månadane er to kilometer lang, og er ei fortsetting av satsinga på utbetring av delar av rv. 7 som har hatt mange trafikkulykker.

Betre sikt

Det er inngått avtalar med grunneigarane og starta skogrydding innafor vegen si sikkerheitssone, som er seks meter ut til kvar side.

– Dette er ei strekning med mange viltpåkøyrslar. Med betre sikt, vil trafikantane oppdage dyr tidlegare. Da får dei betre tid til å bremse ned og kan hindre kollisjon, forklarar byggeleiar Bjørn Kristian Bråten i Statens vegvesen.

Hindrar bråstopp

Når trea er borte, blir også stubbane fjerna. Det same blir bergknausar og steinar, som til liks med tre og stubbar kan føre til ein bråstopp for køyretøy som køyrer av vegen.

Djupneanalysar av dødsulykker i vegtrafikken i Noreg for perioden 2012-2021, viser at forhold knytt til veg og vegmiljø er vurdert til å vere medverkande faktor til graden av alvor ved 29 prosent av dødsulykkene i perioden.

– Det skal ikkje vere dødsstraff for å gjere feil i trafikken. Når vi fjernar element langs vegen som gir bråstopp og slakkar ut sideterrenget, blir det tryggare for trafikantane, seier byggeleiaren.

Trafikktryggingssatsing på rv. 7

Det har vore gjennomført liknande trafikktryggingstiltak på fleire strekningar av rv. 7 i Hallingdal sidan 2021:

  • Gol-Trillhus
  • Svenkerud-Gol
  • Gulsvik-Flå

– Når vi er ferdige forbi Rotneim, ønskjer vi å prioritere trafikktryggingstiltak på rv. 7 vidare nordover mot Torpo. Når det blir, kjem an på løyvingane våre, seier Bjørn Kristian Bråten i Statens vegvesen.

Ferdig til sommarferien

Sikringa av rv. 7 forbi Rotneim skal vere ferdig til sommarferien. Når skogryddinga er ferdig, kan det blir ein pause i arbeida fram til snøen forsvinn. I samband med sprenging kan vegen bli stengd i korte periodar.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur