– Vi er glade for å få med på laget eit svært kompetent selskap som Fugro Norway AS. Dei skal utføre viktige straum- og bølgemålingar for oss for å sikre bakgrunnsdata til det komplekse prosjektet som bru over Bjørnafjorden er, seier Kjell Håvard Belsvik, delprosjektleiar for E39 fjordkryssing Bjørnafjorden i Vegvesenet.
Tre gode tilbydarar
Vegvesenet har motteke tre gode tilbod frå leverandørane Fugro Norway AS, NORCE og DHI, som utførte den siste målekampanje i Bjørnafjorden. Fugro Norway AS vann konkurransen basert på eit tilbod med beste forhold mellom pris og kvalitet, i samsvar med tildelingskriteriane.
Viktige målingar
Den nye flytebrua som vert planlagt er 5,5 km lang. Fugro Norge AS skal utføre bølgje- og straummålingar ved to lokasjonar: Ein i Bjørnafjorden og ein i Søreidsvika. Selskapet vil starte målingane i august 2021.
– Formålet med arbeidet er å skaffe oss nødvendig kunnskap om desse to stadane som er sentrale i bygginga av brua og som vi vil bruke videre i prosjekteringa og berekning av vêrforhold fram mot byggestart i 2025, seier Belsvik.
Prosjektet har føretatt målingar i Bjørnafjorden frå 2015 og fram til sommaren 2021. Målingane som no vert utført skal blant anna nyttast til kvalitetssikring av eksisterande informasjon og i byggeperioden (Søreidsvika).