Foto: Skanska
Publisert: 15.11.2024 

Nydalsbrua tildelt to prisar i Sveits

Rv. 706 Nydalsbrua i Trondheim drog 12. november i land to prisar under IABSE Awards i Zürich.

Nydalsbrua gjekk heilt til topps i kategorien "små veg- og jernbanebruer", framfor konkurrentane frå Kina og Mexico. I tillegg vart den norske delegasjonen kalt opp på scena for å ta imot "Gold Star Award" - ein pris som heng over dei klassevise heidersteikna.

– Dette er heilt utruleg, og det er eit resultat av godt samarbeid mellom alle partar, seier byggeleiar Karl Gunnar Sødal i Statens vegvesen.

International Association for Bridge and Structural Engineering (IABSE) er ein vitskapleg/teknisk foreining som består av medlemmar i 100 land og tel 58 nasjonale grupper over heile verda. Stiftinga vart grunnlagt i 1929 og har sitt sete i Zürich, Sveits.

Sødal var til stades i Zürich saman med prosjektdirektør Ove Nesje i Statens vegvesen, og ein rekke representantar frå hovudentreprenør Skanska, konsulentar og dei som har stått for utforminga av brua: PLAN Arkitekter og Aas-Jakobsen Trondheim AS.

Tidlegare har Nydalsbrua også vunne "Betongtavlen" i 2023, og brua var nominert til årets anlegg 2024 utan å gå heilt til topps.

Dette seier dommarane:

"Denne særmerkte stagbrua med skrånande tårn og 112 meter langt hovudspenn strekkjer seg ut over Nidelva frå stupet på vestsida, der dei bakre staga er forankra direkte i fjellet. Den uvanlege løysinga er direkte inspirert av topografien, og resulterer i ein elegant og økonomisk brustruktur. Høystyrkebetong vart brukt i brudekket for å redusere vekta, og hovudspennet blei støpt på staden etter fritt-fram metoden".

Her kan du lese meir om IABSE og finalistane

Nydalsbrua vart bygd under leiing av Statens vegvesen, som ein del av Miljøpakken i Trondheim. Brua er ein hybrid mellom skråkabel og spennarmert bjelkebru. Skanska er hovudentreprenør på anlegget, og sjølv om Nydalsbrua opna for trafikk i fjor haust, har det pågått arbeid med å gjere ferdig gang- og sykkelveger samt sideareal utover i 2024.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur