– Det er for tidleg å seie noko konkret om forslaga vi har fått. Eg møter fylka og andre aktørar i august, og ser fram til det. I ny Nasjonal transportplan vil vi legge vekt på løysingar som er effektive og som har best mogleg samfunnsøkonomisk lønnsemd, både når det gjeld kva for løysingar vi går vidare med og korleis dei vert utforma. Vi skal legge fram ein transportplan som er strategisk og overordna, ikkje minst for å kunne gjere best mogleg nytte av ny teknologi. Eg vil også slå fast at trafikktryggleik vil få høg prioritet, saman med meir klimavenlege løysingar, seier samferdselsminister Hareide.
I invitasjonen til å legge fram prioriterte forslag peikte Samferdselsdepartementet på kva som var viktig å legge vekt på:
- Forslag til løysingar skal settast opp i prioritert rekkefølge.
- Løysingane må kunne handtere dei utfordringane som vert omtala. Det er viktig at samanhengen mellom utfordringar og forslag til løysingar er gjort godt greie for.
- Fylkeskommunane og storbykommunane skal gjere greie for i kva for omfang dei prioriterer å setje i verk løysingane på område der dei sjølv har eit ansvar.
- Fylkeskommunane og kommunane vert også bedne om å foreslå korleis dei kan bidra til å redusere kostnader og planleggingstid.
Forslaga frå fylkeskommunane, dei største bykommunane og Sametinget saman med svara på ulike oppdrag vert fortløpande lagt ut på denne nettsida: no/NTPoppdrag
Arbeidet med ny transportplan
Nasjonal transportplan (NTP) 2022–2033 vert lagt fram våren 2021.
Samferdselsdepartementet har bedt om ulike innspel til arbeidet frå fylkeskommunane, dei største bykommunane, Sametinget og KS. Departementet har også gitt fleire deloppdrag til transportverksemdene (Avinor AS, Jernbanedirektoratet, Bane NOR, Kystverket, Nye Veier AS og Statens vegvesen). Næringslivet, arbeidstakarorganisasjonar og interesseorganisasjonar har vore invitert inn i arbeidet, og 11. mai arrangerte Samferdselsdepartementet eit digital folkemøte.
Svara på oppdrag og andre forslag og innspel er på høyring fram til 1. juli 2020.
Det er lagt opp til møter med fylkeskommunar, dei største byane, Sametinget, næringsliv og brukar- og interesseorganisasjonar i august.