Statens vegvesen skal byggja 10,6 kilometer ny to‐felts E39 mellom Stormyra og Staurset i Heim kommune. Illustrasjon: Statens vegvesen
Publisert: 14.11.2023 

Ny førebuande entreprise på E39 Stormyra–Staurset lyst ut på anbod

Statens vegvesen har lyst ut konkurranse om riving og sanering av bygningar i traseen for ny E39 mellom Stormyra og Staurset i Heim kommune.

E39 Stormyra–Staurset er siste delparsell av prosjektet E39 Betna–Stormyra. Delparsellen omfattar bygging av 10,6 kilometer ny to‐felts E39. Som ein del av førebuande arbeid før sjølve vegbygginga startar, har Statens vegvesen lyst ut konkurranse om riving og sanering av bygningar. Bygningane er innløyste, og står i vegen for ny E39.

Skal riva 12 hus

Dette skal rivast og blir sanert:
•    2 einebustader
•    2 våningshus
•    8 fritidsbygg
•    Garasjer og mindre bygningar.

Oppfylling og planering i desse områda er ein del av kontrakten.

Fristen for levering av tilbod er 6. desember 2023.  Arbeida skal vera ferdige 2. mai 2024.

Sjå utlysinga i Doffin.

Dette er den andre og siste konkurransen på førebuande arbeid som er lyst ut. Sjølve hovudkontrakten på vegbygginga er også ute i marknaden.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur