Foto: Terje Aamodt
Publisert: 16.05.2022 

Ny ferjekai på Linge lyst ut i marknaden

Møre og Romsdal fylkeskommune skal bygge ny ferjekai, tilpassa større miljøferjer, på Linge i Fjord kommune. Tilbydarar har frist til 17. juni med å levere tilbod.

I 2024 får ferjesambandet Eidsdal-Linge nye utsleppsfrie ferjer med kapasitet på 80 personbileiningar, mot dagens ferjer med kapasitet på 35 personbileiningar. Det krev større ferjekaier.

Komplett ny kai på Linge

Kontrakten inneheld bygging av komplett ny ferjekai ved sida av dagens kai på Linge. Tilleggskaia (piren) blir 75 meter lang, sju meter brei og i hovudsak bygd i betong. Køyrebrua av stål blir 12x18 meter.

Trafikkavvikling

Ferjesambandet Eidsdal-Linge er ein del av Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen og har stor trafikk i turistsesongen. Det er ein føresetnad i kontrakten at bygginga ikkje kan føre til planlagde innstillingar av ferjene i juni, juli og august.

Eidsdal

Oppgraderinga av Eidsdal ferjekai blir også lyst ut i marknaden før sommaren, i eigen kontrakt. Her blir det tatt utgangspunkt i eksisterande kai, og prosjektet inneheld nytt landkar, ei ny ferjekaibru på 9x22 meter, nytt heissystem og ny tilleggskai.

– Her blir det større utfordringar med trafikkavviklinga, sidan vi skal jobbe med dagens kai. Vi skal strekke oss for å redusere konsekvensane så godt det lar seg gjere, og så langt som mogleg gjere det føreseieleg for trafikantane i sambandet i byggeperioden, seier prosjektleiar Hans Rune Paulsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Byggestart til hausten

Det blir gjennomført synfaring på Linge for interesserte entreprenørar måndag 23. mai kl. 12. Fristen for å levere tilbod er 17. juni og kontrakten blir tildelt tilbydaren som tilfredsstillar krava i kontrakten og har lågast pris. Møre og Romsdal fylkeskommune planlegg byggestart på Linge tidleg i haust.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur