Statens vegvesen inviterer til å føreslå heile eller delar av eit veg- eller gateanlegg som fortener pris.
Vegdirektørens pris for vakre veger er ein heiderspris for anlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadene. Det kan vere vegar, gater, bruer, tunnelar eller tilhøyrande anlegg og utstyr. Anlegget må vere ein del av det offentlege vegnettet.
Anlegget må vere godt utforma i høve til omgjevnadene. Det må og fungere godt med omsyn til trafikktryggleik, framkomst, drift og vedlikehald.
Det understrekar Alf Støle og Sunniva Schjetne i Statens vegvesen som sit i fagsekretariatet.
To prisar
Det skal delast ut to prisar: ein pris til eit nyare anlegg, og ein pris til eit anlegg som framhevar seg når det gjeld drift og vedlikehald.
Vidare kan strategiar for drift og vedlike