Dagens parkeringsplass er midt i biletet, like ved rundkøyringa. Ny parkeringsplass blir rett sør for denne. Illustrasjon: 1881.no
Publisert: 23.02.2023 

No bygger Statens vegvesen nytt kollektivt knutepunkt ved Nordhordlandsbrua

Statens vegvesen startar no bygginga av nytt kollektivt knutepunkt og ny innfartsparkering like nord for Nordhordlandsbrua.

Planlagd byggestart er i mars, og det nye anlegget skal etter planen vera ferdig innan desember 2024.

Ni leverte tilbod

Heile ni entreprenørar leverte tilbod på oppdraget. Summane er no kontrollrekna. Alle tilbodssummane er utan moms.

Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
HGT AS frå Kokstad 48.319.007,60
Vestafjell AS frå Nesttun 50.598.471,70
Romarheim AS frå Alversund 51.452.726,63
Fyllingen Maskin AS frå Kokstad 54.062.460,44
Magne Hope A/S Entreprenørforretning frå Mongstad 57.471.858,20
Fosse Maskin & transport AS frå Vik i Sogn 58.887.112,18
Vassbakk & Stol AS frå Kopervik 59.778.678,11
Mesta AS 61.866.404,40
Sartor & Drange AS frå Rådal 61.993.977,00

Kokstad-firmaet HGT AS (Halvorsen Grave & Transportservice) har det lågaste tilbodet, og er innstilt til å få kontrakten som blir signert etter karensfristens utløp.

Terminalen vert bygd der dagens parkeringsplass er.

Trygg og forsvarleg arbeidsperiode for alle

– I heile anleggsperioden på eitt år og ni månader må vi derfor stenga dagens parkeringsplass, seier byggeleiar Henrik Knarvik i Statens vegvesen.

Statens vegvesen oppfordrar trafikantane til å finna andre parkeringsplassar, til dømes innfartsparkeringane i Knarvik, ved Hagelsundbrua eller i Vågsbotn.

– Vi beklagar dette, og vi har forståing at det kan skapa utfordringar for trafikantane. Men det er dette som er mogleg å få til når vi skal ha ein anleggsperiode som er trygg og forsvarleg ikkje berre for trafikantane, men også for dei som skal arbeida, seier Knarvik.

Eit framtidsretta knutepunkt

I tillegg vil vi minna om at det nye anlegget vil gjera det betre for trafikantane på sikt. Eit nytt, stort og framtidsretta knutepunkt vil vera ei klar forbetring samanlikna med dagens løysing som er to-tre busstopp, presiserer han.

– Det nye knutepunktet vil få parkering like ved, med 80 parkeringsplassar som i dag, legg Knarvik til.

I samband med prosjektet skal Statens vegvesen erstatta dagens kulvert under fylkesveg 564 med ein ny som blir bygd etter dagens standard. Dette sikrar framleis gode tilhøve for gåande og syklande i området.

Trafikken på E39 vil bli minimalt påverka av arbeidet, medan vi vil etablera ein mellombels omkøyringsveg for fylkesveg 564.

Nytt kollektivt knutepunkt og ny innfartsparkering er ein del av Nordhordlandspakken.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur