– Prosjektet Arna – Stanghelle er etterlengta, og med ein vedtatt reguleringsplan er viktige val tatt, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har som planmynde vedteke planen, og det betyr at det blir ny veg og bane på den skredutsette og sterkt trafikkerte strekninga mellom Arna og Stanghelle. Prosjektet ligg inne i Nasjonal Transportplan (NTP) med ein førebels totalkostnad på 26,4 milliardar (2021 kr).
Vil gje ein tryggare kvardag
For Bane NOR og Statens vegvesen er dette ei skikkeleg gladnyheit, og ikkje minst for alle dei vestlendingane som følgjer prosjektet tett.
– Ny veg og bane i tunnel vil gje mange menneske ein tryggare kvardag og kortare reisetid, og bidra til føreseieleg transport på Vestlandet, legg konsernsjef Gorm Frimannslund i Bane NOR til.
Bane NOR og Statens vegvesen har god erfaring med å samarbeide og ser mange fordelar med ei felles utbygging. Felles organisering og utbygging gir stordriftsfordelar, samt reduserer kostnader og byggetid. I tillegg kan to sterke fagmiljø utveksle kompetanse.
Viktig avklaring for etterlengta prosjekt
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er svært etterlengta, og sterke lokale kreftar har jobba hardt for å få prosjektet opp på den politiske agendaen. No kjem resultatet.
Prosjektet er i desse dagar i gang med oppbemanning, og skal rekruttere mange kloke hovud til det største tunnelprosjektet i Noreg.
Investeringsavgjerd og uavhengig kvalitetssikring
Prosjektet skal i neste fase gjennom ei ekstern og uavhengig kvalitetssikring (KS2) før prosjektet får investeringsavgjerd. Først da kan ein gå ut i marknaden med dei store entreprisane. Prosjektet er prioritert i NTP 2022-33 med midlar frå 2024.
Endringar etter høyringa
Det er alternativ B2 som er det vedtekne alternativet for løysing gjennom Vaksdal. Det vil seie at ny E16 vil gå utanom sentrum, oppe i Tolåsen. I tillegg er det er gjort nokre mindre endringar i reguleringsplanen etter høyringa.
Dei viktigaste endringane:
- Fossmark sjødeponi og Boge sjødeponi går ut av planen.
- Ny jernbane vil ikkje lenger gå ut i ei kort dagsone på Trengereid, men gå i samanhengande tunnel frå Arna til Vaksdal.
Reguleringsplanen er ein statleg reguleringsplan og det er ikkje moglegheit til å klage på vedtaket.
Oppdatert planomtale med oppsummering og merknader finn du her