Riksveg 15 blir stengd vest for Nordfjordeid, og det kan bli ventetid for tungtrafikken. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 13.10.2023 

Nattestengt på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy

Riksveg 15 blir stengd ved Lid, vest for Nordfjordeid, natt til alle kvardager frå kommande måndag og to veker framover. I tillegg kan det bli ventetid på inntil 30 minutt på dagtid.

 Riksveg 15 blir stengd vest for Nordfjordeid, og det kan bli ventetid for tungtrafikken.

– Grunnen er at det skal skiftast stikkrenner ved vegen, etter at dagens stikkrenner har blitt skada av flaum og uvêr, seier kontrollingeniør Stig Arne Bugjerde i Statens vegvesen.

Utrykningskjøretøy og mindre personbilar kan passera på kommunal veg ovanfor riksveg 15.

Arbeidet tek til om kvelden måndag 16. oktober, og vegen vil vere stengt mellom 22.00 og 06.00 natt til alle kvardager mellom måndag og fredag. Arbeidet skal vere ferdig innan fredag 27. oktober.

Det vil og gå føre seg arbeid på dagtid. Vegen vil vere lysregulert, eventuelt regulert med manuell dirigering. Då kan det bli ventetid på inntil 30 minutt.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur