Illustrasjon: Samferdselsdepartementet
Publisert: 22.03.2024 

Nasjonal transportplan 2025–2036: Ein transportplan for vedlikehald og fornying i heile landet

I ny Nasjonal transportplan vrir regjeringa innsatsen i retning drift, utbetring og vedlikehald. Med planen legg regjeringa opp til å bruke 1 308 milliardar kroner over 12 år.

– Vi legg i dag fram ein svært ambisiøs langtidsplan for transport i heile landet. Med denne planen ruster vi oss for ei ny tid: om seks år skal vi nå måla for klimagassutslepp, vi skal tilpasse oss ein ny sikkerheitspolitisk situasjon og eit ekstremvêr som kjem stadig oftare. Dette påverkar måten vi planlegg transport på, og difor må vi gjere tøffe prioriteringar. Vi skal bygge nytt der det er naudsynt, og ta betre vare på det vi alt har. I sum får folk og næringsliv ein betre reisekvardag med dei vala vi no tar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Det overordna målet for transportpolitikken, er eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem i heile landet. Regjeringa tek no mellom anna eit kraftig løft for fylkesvegane.

– Gode og trygge vegar er heilt avgjerande for å sikre busetting og verdiskaping i heile Noreg. Fylkesvegane er kvardagsvegane våre, og spelar også ei sentral rolle i totalforsvaret. Regjeringa prioriterer ein årleg ekstra fylkesvegmilliard. Samla gir det 65 milliardar kroner til fylkesvegane. Det er nær 16 milliardar kroner meir enn flat vidareføring av 2024-budsjettet, seier  kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Med transportplanen legg regjeringa også til rette for effektiv, sikker og miljøvenleg sjøtransport. Regjeringa prioriterer 34,2 milliardar til utbetring av farleier, oppgradering av hamner og styrking av maritime tenester.

– Noreg har ei av dei lengste kystlinjene i verda. Moderne hamner og gode koplingar mellom sjø og land er viktig for både næringsliv og nasjonal beredskap, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap).

Høg andel til drift, vedlikehald og utbetringar

Regjeringa prioriterer heile 484 milliardar kroner til drift, vedlikehald og utbetring av transportinfrastruktur i heile landet. 40 prosent av ramma i ny NTP går til dette løftet for vedlikehald og fornying.

– Meir og smartare vedlikehald og utbetring betyr meir punktlege tog, økt trafikksikkerheit og større motstandskraft mot ekstremvêr, skred og flaum. Dette er også viktige bidrag til totalforsvaret og militær mobilitet, seier Nygård.

Færre svært store prosjekt

– Vi har valt å skyve på nokre store prosjekt som kostar svært mykje, for å frigjere handlingsrom til fleire prosjekt i heile landet. Dette er med på å legge til rette for levande lokalmiljø og lønnsame arbeidsplassar, seier Nygård.

Vil sikre folks kvardagsvegar

Prioriteringa  for vegnettet inneber å fjerne flaskehalsar, sikre mot skred både på riks- og fylkesveg og auke tryggleiken i tunnelar og på bruer. Ved å utnytte eksisterande infrastruktur sparar ein natur og minskar arealinngrep.

Til riksvegar er det prioritert 574 milliardar kroner i planperioden. 235 milliardar kroner går til drift, vedlikehald, fornying og mindre investeringar.

– Vi vil i større grad bygge «gode nok» vegar over heile landet, framfor firefelts motorveg nokre få stadar. Vi får meir for pengane, og når gjenbruk er mogleg er det bra både for naturen og klimaet, seier Nygård.

Regjeringa prioriterer totalt 65 milliardar kroner til fylkesvegane. Regjeringa har prioritert opprusting, fornying og skredsikring av fylkesvegar for å tryggje kvardagsvegane, og ein ny pott på 600 millionar kroner til at fylkeskommunane kan ruste opp 14 bruer som er kritisk for militær mobilitet.

Færre forseinkingar og innstillingar på jernbanen

– Auka trafikk og gamal infrastruktur fører til at talet på forseinkingar og innstillingar er for høgt. Vi skal framleis bygge nytt, men framover prioriterer vi å vri innsatsen til fordel for vedlikehald, fornying og mindre investeringar, seier samferdselsminister Nygård.

Regjeringa prioriterer nær 436 milliardar kroner til jernbane. Av dette går 205 milliardar kroner til drift, vedlikehald, fornying og mindre investeringar.

Transportsystemet skal styrke samfunnstryggleiken og forsvarsevna

– Regjeringa vil tilpasse transportsektoren til ein ny sikkerheitspolitisk situasjon. Fleire prosjekt og tiltak i ny NTP vil støtte både samfunnstryggleiken og Noregs bidrag i NATO, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Med Sverige og Finland som nye NATO-medlemer blir Noreg viktigare som mottaks- og transittområde for allierte styrkar. Dette stiller høge krav til ei rekkje vegar, bruer og jernbanestrekningar.

– Med heile Norden i NATO får Noreg eit særleg ansvar for at alliert hjelp til Sverige og Finland når fram. Det stiller større krav til å ivareta viktige transportårar og ha ein robust infrastruktur, både for norsk og alliert tryggleik. Samarbeid mellom transportsektoren og forsvarssektoren kommer til å vere viktig framover, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Ein effektiv, sikker og miljøvenleg sjøtransport

Med transportplanen legg regjeringa også til rette for effektiv, sikker og miljøvenleg sjøtransport. Regjeringa prioriterer 34,2 milliardar til utbetring av farleier, oppgradering av hamner og styrking av maritime tenester.

– Noreg har ei av dei lengste kystlinjene i verda. Moderne hamner og gode koplingar mellom sjø og land er viktig for både næringsliv og nasjonal beredskap, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap). Ho legg til:

– Det er også viktig for vår evne til å ta imot allierte forsterkningar og forsyningar ved behov. Når vi styrker kysten bidrar det til å styrke forsvarsevna vår, seier ho.

Ein framtidsretta utvikling av luftfarten

– Luftfarten må gjennom ei utfordrande og omfattande omstilling for å utvikle seg i tråd med klimamåla. Regjeringa prioriterer 1 milliard kroner til å sette fart på å fase inn luftfart med null og låge utslepp. Når luftfarten blir utsleppsfri, blir den ein klima- og miljøvenleg transportform med lite arealinngrep, seier samferdselsministeren.

Arbeidet med å legge til rette for denne omstillinga, skal skje i dialog med viktige luftfartsaktørar og med NHO og LO.

Regjeringa vil oppretthalde dagens lufthamnstruktur og ferdigstile lufthamnprosjekta i Bodø og Mo i Rana. Regjeringa vil arbeide vidare med berekraftige rammevilkår for Avinor.

Klimavenlege byar med god mobilitet og framkome

Regjeringa legg fram ei langsiktig satsing for byområda og prioriterer 88 milliardar kroner over dei neste 12 åra. Regjeringa vil forlenge dagens byvekstavtalar, og på sikt er det aktuelt å inngå avtalar med Buskerudbyen og Grenland. Tilskot til fem mindre byar blir forlenga over heile perioden.

Byvekstavtalane er regjeringas viktigaste verkemiddel for å utvikle byar med god mobilitet og framkome, og med mindre lokal forureining, støy og klimagassutslepp.

– Ressursbruken må i større grad rettast mot å ta vare på og utnytte eksisterande infrastruktur. Restriktive tiltak mot biltrafikk og meir fortetting rundt knutepunkta er lokale verkemiddel som blir enda viktigare for å nå nullvekstmålet framover, seier Nygård.

Transport som tar betre vare på klima og natur

– Regjeringa kjem med ei rekke tiltak for å kutte klimautslepp og redusere naturinngrep og arealbeslag. Nytt i denne planen er at den presenterer eit anslag for beslaget av areal i prosjekta, seier samferdselsministeren.

Dei største utsleppa i transportsektoren i dag kjem frå tunge køyretøy, anleggsmaskiner og frå skipsfarten. Elektrifisering av tungbilparken er eit av dei viktigaste tiltaka for å kutte klimagassutslepp.

– Vi vil ha ein tilsvarande utvikling for tunge biler som den vi har sett for personbilar. Lastebilar som skal dekke lange strekningar må få lada undervegs og i pausane sjåføren er pålagt å ta. Vi vil gjere det enklare å lade, mellom anna ved å bygge ut nye kvile- og rasteplassar og legge til rette for lading på plassar som alt finst, seier Nygård.

Også skipsfarten, som har høge utslepp, må bli grønare.

– Som eit av fleire tiltak vil vi greie ut om hamner kan få stille miljøkrav om null eller lågt utslepp for at fartøy skal få nytte hamna, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth.

Styrker arbeidet med trafikktryggleik

– Ulykkesutviklinga på norske vegar dei siste par åra er urovekkjande. For å redusere trafikkfarleg risikoåtferd vil regjeringa skjerpe delar av regelverket, auke bruken av automatisk trafikkontroll og forsterke innsatsen innanfor kontroll og handheving, seier Nygård.

Det er i hovudsak tre regelverksendringar samferdselsministeren ønskjer å sjå på: Endringar som vil gjere det enklare å inndra bilen etter råkøyring, forbod mot tenester som varslar om kontrollar og innstrammingar i regelverket for bruk av mobiltelefon i bil.

Teknologi og forsking viktig for å nå regjeringas mål

– Digitalisering, teknologi og forsking kan gi grønare, tryggare og meir effektiv transport for mindre pengar. Vi vil prioritere digitaliseringstiltak som hjelper oss å løyse oppgåvene på ein meir effektiv måte, saman med ei ny satsing på transportforsking og betre utnytting av data i sektoren, seier Nygård.

Regjeringa vil opprette ei ny forskingssenter-ordning: Transport 2050.

– Norsk transportsektor må mellom anna ta store klimagasskutt i åra som kjem. Myndigheitene har eit stort ansvar for å hente fram god kunnskap om kva for omveltingar transportsektoren må ta tak i, seier Nygård.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur