På Riksveg 7 er det snakk om to tunnelar i Måbødalen, Dalbergtunnelen og Storegjeltunnelen. På Riksveg 13 er det den 681 meter lange Lausasteintunnelen (opna i 1995) rett sør for Odda det handlar om.
Alle desse tunnelane vart opna på ei tid der krava til belysning var andre enn i dag. I tillegg må alle tunnellys etter kvart skiftast ut på grunn av levetid.
Den 335 meter lange Dalbergtunnelen vart opna i 1967, medan Storegjeltunnelen (842 meter) vart teken i drift i 1978.
Slik går trafikken
Det vil bli arbeid både i og utanfor tunnelane. Inne i tunnelane vil arbeidet utelukkande verta gjort på nattestid for å minimera ulempa for bilistane. Jobben vil verta gjort om nettene måndag til fredag. Med natt meinast klokka 2000-0600, noko som betyr at arbeidsveka for prosjektet startar sundag kveld klokka 20.000.
Det vil bli gjennomkøyring annankvar time for dei fleste trafikantar. Unnataka er rutebussar og utrykningskøyretøy som til ei kvar tid vil kunna passera.
Det blir etablert eitt teknisk bygg, felles for tunnelane i Måbødalen, og eitt bygg for Lausasteintunnelen. Dette arbeidet utanfor tunnelane vil skje på dagtid.
Fem entreprenørar har levert tilbod på prosjektet. Alle summane er eksklusive mva.
Tilbydar | Tilbodssum ekskl. mva: |
Bilfinger Industrial Services Norway | 18.164.867,00 |
OneCo Infra AS | 21.143.744,80 |
Roxel Infra AS | 24.131.317,48 |
Aventi Installation AS | 26.303.851,76 |
Mesta AS | 27.205.954,14 |
Skal vera ferdig i år
– No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med entreprenøren snarast mogleg, seier prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen.
Statens vegvesen forventar at arbeida er ferdige innan 1. desember.