Øvinga varar frå klokka 1815 til 2015.
Tunnelen, og med det E39 i området, blir heilt stengd for trafikk i dette tidsrommet.
Det er naudetatar og VTS (Vegtrafikksentralen) som skal øva i tunnelen.
– Vi har forståing for at stengd tunnel kan vera krevjande for trafikantane, men det er naudsynt i ein kort periode slik at vi kan få øvd dersom ei hending skulle inntreffa. Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at vi skal halda slike øvingar, seier brannvernleiar Svein Rune Vie i Statens vegvesen.
Vi oppmodar alltid trafikantar til å sjekka 175.no før dei skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle landets vegar.