Statens vegvesen byggjer i perioden 2020 til 2026 tre nye parsellar på E39 mellom Betna og Stormyra. Det er tredje parsell, mellom Stormyra og Staurset, som no blir lyst ut.
– Når alle dei tre delstrekningane er fullførte, vil det bli ein samanhengande god europavegstandard på heile denne delen av E39. No lyser me ut tredje og siste parsell, og ser fram til dialogen med marknaden, seier Odd Helge Innerdal, prosjektleiar i Statens vegvesen.
Når E39 Betna–Stormyra står ferdig vil reiseavstanden bli fem kilometer kortare, reisetida går ned med sju minutt, og trafikantane på strekninga får ein tryggare kvardag.
Kontrakt med forhandling
Arbeidet blir lyst ut som ein utføringsentreprise, og prosessen blir gjennomført som innkjøp med prekvalifisering og forhandling.
Påmeldingsfristen for entreprenørane er 4. desember. Forhandlingar vil gå føre seg gjennom vinteren, med mål om å signera kontrakt i mars 2024.
10, 6 kilometer to-felts veg
Kontraktsarbeidet omfattar i hovudsak bygging av ca. 10,6 kilometer ny to-felts E39, med fartsgrense 80/90 kilometer i timen. Sju betongkonstruksjonar, eit nytt vegkryss mot fylkesveg 680, eit T-kryss med tilhøyrande avkøyringar, sidevegar og landbruksvegar er også ein del av kontrakten.
Store delar av strekninga går langs eksisterande veg, med delvis sidebratt terreng.
Arbeidet skal gjennomførast i perioden april 2024 til september 2026.