Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om snøfokk, gjeldande frå laurdag kveld klokka 20 til søndag ettermiddag klokka 13. Det er venta lokalt snøfokk i fjellet på grunn av kraftig vind og snø. Vinden vil først auke i sør, og frå seint laurdag kveld også i nord.
Verforholda kan føre til redusert sikt og vanskelige køyreforhold. Vegar kan bli kolonnekøyrde eller stengde på kort varsel.
Viktige råd dersom du skal ut og køyre på vegane i det aktuelle området:
- Hald deg oppdatert om situasjonen på vegane: Fjelloverganger | Statens vegvesen
- Berekne ekstra tid til køyreturen
- Sørg for å ha gode vinterdekk, og køyr etter forholda