Statens vegvesen har ved vegdirektør Ingrid Dahl Hovland signert OPS-kontrakten med selskapet Sotra Link AS som skal bygge og drive Sotrasambandet i kontraktperioden.
– Sotrasambandet er blant dei største vegprosjekta som skal gjennomførast dei første seks åra av Nasjonal transportplan 2022-2033. Eg har trua på at dette spennande prosjektet vil gi jobb til lokale entreprenørar og arbeidarar. Vegen er i dag veldig trafikkert, og når den nye står ferdig, blir det lagt til rette for både bilistar, kollektivtransporten, syklande og gåande, seier samferdselsministeren.
Vegopning i 2027
Kontraktforma er OPS, som betyr offentleg-privat samarbeid. Det vil seie at selskapet som får kontrakten, skal finansiere, bygge, drifte og vedlikehalde vegen i inntil 25 år etter trafikkopninga. Kontrakten er verdt 19,8 milliardar kroner.
Sotra Link er eigd av tre internasjonale selskap: Macquarie Group Ltd, SK ecoplant Co. Ltd og Webuild S.p.A. Sotra Link blei valt som selskap i september 2021, og no er altså kontrakten inngått.
Arbeidet på anlegget startar for fullt våren 2023, og vegen skal etter planen stå klar i 2027.
– Eg er glad for at kontrakten no er signert, og at vi er eitt steg nærare ein betre forbindelse mellom Bergen og Sotra, seier Nygård.