Oppstillingsplass sett frå E16 når ein kjem frå aust. Illustrasjon: COWI
Publisert: 14.02.2024 

Kolonneplass i Aurland på høyring

Kolonneoppstillingsplass langs E16 i Aurland er ute på høyring. Dette er ein del av førebuinga til oppgradering av Lærdalstunnelen.

I samband med oppgradering av Lærdalstunnelen, skal det gjerast klart eit areal for oppstillingsplassar for køyretøy på begge sider av tunnelen. Planforslaget på Aurland-sida er no klart, og ligg ute til høyring hos Aurland kommune.

Høyringsfristen er: 25. mars 2024.

Planlagd kolonneoppstillingsplass ligg mellom Onstad og Nyheim, på sørsida av Aurlandselvi tett inntil E16.

Kolonneoppstillingsplassen og tilhøyrande tiltak er mellombels, og skal tilbakeførast etter at oppgraderinga av Lærdalstunnelen er gjennomført.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur