Ospelitunnelen er den nedste av dei tre Strynefjellstunnelane. Foto: Lars Olve Hesjedal/Statens vegvesen
Publisert: 05.06.2024 

Kolonnekøyring og stenging på Strynefjellet i helga

Grunna tunnelarbeid blir det kolonnekøyring og stenging på Strynefjellet natt til laurdag og sundag.

Statens vegvesen skal kvitmåla tunnelveggane i rv. 15 Ospeli-, Grasdal- og Oppljostunnelen klokka 21.00-06.00 desse nettene.

I stengeperiodane vert det ledebil frå vest kvar heile klokketime, og frå aust kvar halve klokketime.

Stenginga er tilpassa kollektivtrafikken. Vegen bil bli opna for utrykkingskøyretøy.

Det Statens vegvesen heilt konkret skal gjera, er å måla tunnelveggane kvite.

– Kvitmåling av tunnelveggane er eit trafikktryggingstiltak. Ein lysare tunnel er ein endå tryggare tunnel, seier byggeleiar Even Hjelle i Statens vegvesen.

Han oppmodar trafikantane til å respektera arbeida og kolonnekøyringa.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur