Vågstunnelen på riksveg 13 i Ryfylke er mellom tunnelane som no skal vedlikehaldast. Foto: Statens vegvesen
Publisert: 04.05.2021 

Klart for tunnelvedlikehald på E16 og riksveg 13

Fire av tunnelane er i Rogaland, og tre i gamle Hordaland.

Tilbodet er no opna. Alle tilboda er ekskl. mva.

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva:
AG Tunnel AS 24.501.240,00
BMO Tunnelsikring AS 27.558.550,00
Mesta AS 29.603.141,65
NCC Norge AS 31.420.441,00
Hylland AS 33.421.380,00

– Vi er godt nøgde med deltakinga i konkurransen. Det er store og seriøse tilbydarar som er interesserte i dette oppdraget. No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med den nye entreprenøren før sommarferien, seier prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen.

Vedlikehaldsarbeida startar kort tid etter signering, og skal vera ferdige innan året er omme.

Totalt 580 tunnelar

Statens vegvesen har eit strengt inspeksjons- og vedlikehaldsregime for alle våre 580 tunnelar. Dette pågår kontinuerleg gjennom heile året.

Den konkrete jobben det er snakk om i dette tilhøvet, er berre ein liten del av det totale, omfattande og viktige arbeidet vi gjer med våre tunnelar for å sikra trafikktryggleiken og framkomelegheita for dei reisande.

Dette skal gjerast

På E16 er det Boga- og Jamnatunnelen på Vaksdal mellom Bergen og Voss som skal vedlikehaldast som ein del av oppdraget som no har vore ute på tilbodsrunde.

– Det vi konkret skal gjera her, er å demontera og fjerna plater som er i svært dårleg forfatning, renska området for laus stein, montera nye isoleringsmatter og brannsikra desse med sprutbetong, seier Lykkebø.

Mattene isolerer slik at vatnet i fjellet ikkje frys til is og lagar istappar og issvullar i vegen. Vatnet skal i staden renna bak mattene, ned i grøfta og ut av tunnelen.

Det samme skal gjerast på ein av dei fem Riksveg 13-tunnelane som er med i dette tilbodet, nemleg Gullhammartunnelen i Granvin i Voss herad, ikkje langt frå Hardangerfjorden. I denne tunnelen har det vore store isproblem i vinter.

I samband med at mattene skal brannsikrast med sprutbetong, må det sprengjast. Dette er naudsynt for å oppretthalda stor nok tunnelhøgde.

Dei andre Riksveg 13-tunnelane i dette prosjektet ligg alle i Rogaland, nærare bestemt i Suldal i Indre Ryfylke: Vika-, Vågs-, Hylstunnelen og Suldalsporten.

Her skal entreprenøren fjerna rusta nett i tunneltaka og bergsikra desse områda med sprutbetong og bolting. Også dette arbeidet vil medføra noko sprenging.

Vert stengde på natta

Det vil bli vegstengingar på inntil to timar på natt i samband med alle arbeida. Lykkebø ber trafikantane respektera dette. Stengingane vert gjort på natta då trafikken er minst.

– Vi forstår at tunnelarbeid kan skapa utfordringar for bilistane, men håpar på forståing for at det er naudsynt for at våre vegar vera trygge også i framtida. Alt arbeidet vil bli varsla i god tid, og vi oppmodar bilistane om å orientera seg via 175.no før dei skal ut og reisa, seier Lykkebø.

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur