Om stillinga
Vil du bidra til vårt viktige samfunnsoppdrag som prosjektingeniør? Statens vegvesen har ansvaret for bruberedskapen i Noreg. For å ivareta dette ansvaret har vi bygd opp ein organisasjon med medarbeidarar spreidd rundt i landet. Beredskapsbruer blir brukt både ved brutte veg- og ferjesamband og som mellombelse bruløysingar ved anlegg til Statens vegvesen.
I dette arbeidsområdet vil du sjonglere fleire prosjekt samstundes, og noko reiseverksemd må reknast med ved beredskapshendingar og planlagde prosjekt. Særleg i opplæringsperioden vil det vere behov for noko ekstra reiseverksemd til Oslo.
Kontorstad for stillinga er hovudsakleg Holtermoen brulager, men kontorstader i Molde, Drammen og Moss kan vurderast for spesielt kvalifiserte kandidatar.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil vere å:
- prosjektere mellombelse stålbruer og ferjekaier. Herunder teikne, designe og lage berekningsrapportar.
- prosjektleiing, kontakt med byggeleiing og prosjektleiarar på byggeplass.
- vidareutvikle materiell til Bruberedskap gjennom å produsere spesialkomponentar.
- forenkle og standardisere prosedyrar, samt utstyr.
Kompetansekrav
Du må ha
- Treårig relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet, helst innan fagområda konstruksjon, bygg og anlegg eller maskin. Omfattande og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- førarkort klasse B
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Stillingen krev at du må ha eller kunne bli tryggingsklarert.
Det er ønskjeleg med
- erfaring innan dimensjonering eller bygging av stålkonstruksjonar.
- erfaring med prosjektrelatert arbeid.
- erfaring med 3D-teikneprogram som Autodesk Inventor og Autocad
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som samarbeider godt med andre, deler kunnskap, erfaringar og informasjon, og støttar andre for å nå teamet sine mål. Er du i tillegg interessert i å lære faget, då bruberedskap er eit smalt fagfelt med få personar som har erfaring innan dette, er det avgjerande at du har vilje og evne til å ta til deg læring. Vi ser etter deg som er sjølvgåande, og som er god på å finne arbeidsoppgåver og prioritere kva arbeidsoppgåver som skal utførast utan detaljstyring frå leiar. Stillinga krev at du tek ansvar for ditt arbeid. Å gjere feil kan få store konsekvensar ved at konstruksjonane vi bygg kollapsar. Du må ha forståing for ansvaret som ligg til stillinga, og forstå ansvaret eininga har for nasjonen Noreg. Du må kunne bruke kreativitet til å løyse utfordringar. Det vil dukke opp situasjonar som er ukjende, og det vil krevje kreativitet og evne til å tenkje utanfor boksen.