Foto: Bane NOR
Publisert: 13.04.2022 

Jernbanen 2.0: Digitalisering kan gi fleire avgangar, færre forseinkingar og betre reiseinformasjon

– Digitaliseringa gir oss moglegheiter som gjer at vi i framtida kan utnytte dagens jernbane betre. Fleire avgangar, betre reiseinformasjon og automatisk togframføring er blant moglegheitene som digitaliseringa kan gi. Men vi treng meir kunnskap, slik at vi har eit godt grunnlag for å kunne ta kloke val. Dette skal Jernbanedirektoratet hjelpe oss med, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsdepartementet har gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å gjennomføre konseptvalutgreiingar (KVU) om høvesvis betre utnytting av det signalsystemet ERTMS og innføring av nytt mobilkommunikasjonssystem.

Betre utnytting av ERTMS – automatisk togframføring

Heile den norske jernbanen skal på midten av 2030-talet vere utstyrt med det nye, digitale signalsystemet ERTMS – European Rail Traffic Management System. Dette skal mellom anna gi færre forseinkingar og innstillingar, tettare togtrafikk og betre kundeinformasjon.

I samband med dette skal Jernbanedirektoratet gjennomføre ei konseptvalutgreiing om betre utnytting av jernbaneinfrastrukturen som følje av ERTMS-utbygginga. Utreiinga skal òg vurdera moglegheitene for automatisk togframføring i kombinasjon med ERTMS.

Konseptvalutgreiing om nytt mobilkommunikasjonssystem

FRMCS er ein ny standard for neste generasjon mobilkommunikasjonssystem for jernbane og erstattar dagens system – GSM-R. I løpet av dei neste ti åra kjem ikkje leverandøren lenger til å gi systemstøtte til GSM-R. Noreg må difor ta i bruk den nye standarden, som er under utarbeiding i EU. I samband med dette skal Jernbanedirektoratet gjennomføre ei konseptvalutgreiing.

Direktoratet skal mellom anna sjå på kva for konseptuelle løysingar som er best eigna for å dekkje det heilskaplege kommunikasjonsbehovet for den digitaliserte jernbanen. KVU-en skal òg belyse om det er mogleg å utnytte dei digitale systema betre, slik at det blir mogleg å hente ut positive effektar i form av til dømes raskare togframføring, auka kapasitet, mindre energibruk og betre reiseinformasjon i sanntid. I samband med dette skal direktoratet òg vurdere ulike aspekt ved tryggleiken på jernbanen.

Utgreiing om responsmiljø for handtering av uønskte digitale hendingar

Regjeringa er oppteken av å oppretthalde eit høgt tryggleiksnivå på alle samfunnsområde, og vil styrkje evna til å handtere uønskte digitale hendingar i transportsektoren. Behova er knytte til handtering, koordinering og informasjonsdeling. Sektorvise responsmiljø i transportsektoren skal bidra til å dekkje dette behovet.

Eit slikt responsmiljø skal etablerast for handtering av digitale hendingar i jernbane- og kollektivsektoren. Jernbanedirektoratet skal vurdere ulike modellar for korleis eit slikt responsmiljø kan organiserast.

Vidare framdrift

Konseptvalutgreiingane om høvesvis ERTMS og automatisk togframføring og nytt mobilkommunikasjonssystem har leveringsfrist i midten av september 2023. Rapporten om organisering av responsmiljø mot uønskte hendingar skal vere ferdig innan 15. november i år.   

For fleire opplysningar – sjå:

Email
Kopier link
Del med

Jobb

Se alle ledige stillinger her
Hold deg oppdatert med nyhetsbrev fra Samferdsel & Infrastruktur