Statens vegvesen vil vidareutvikle bygningsinformasjonsmodellering – BIM – i sine framtidige prosjekt.
Informasjonsrike 3D-modellar kommer for fullt både i samordningsmodellar på tvers av faggrupper og som grunnlag for arbeid på anlegg. Etaten vil vere proaktive i utviklinga for å modernisere og effektivisere prosjekteringsfasen og dedikerer ein eigen BIM koordinator til å drive satsinga framover og koordinere arbeidet.
I desse dagar blir det jobba med å setje saman krav og spesifikasjonar for framtidige BIM-modellar, der erfaringar og kompetanse frå tidlegare prosjekt blir trekte fram for å nyttast vidare. Målet er at ein skal kunne levere teikningslause prosjekt i alle fasar, frå plan og prosjektering til drift og vedlikehald. For å oppnå dette må 3D-modellane innehalde minst like mykje informasjon som teikningar og skildring i dag.
Programvare
I mylderet av tilgjengelege programvarer for BIM, har Vegvesenet landa på Tekla Structures som BIM-program for bru. Saman med utviklerane av Tekla blir det jobba med å tilpasse programvara for bruer, kulvertar, murar og andre samferdslekonstruksjonar.
Med denne programvara kan den som prosjekterer leggje inn informasjon på alle element om alt frå materialval, utforming, objektkodar, prosesskodar m.m. Vidare kan det også leggjast inn informasjon for framtidig drift og vedlikehald av konstruksjonen. Utviklinga vil gjere det mogleg å tilføre 3D-modellene all naudsynt informasjon for konstruksjonen si levetid.
Effektivitet
I tillegg til å berike 3D-modellene med informasjon finnes eit stort effektiviserings-potensiale i modelleringa ved at mange prosjekt inneheld tilnærma like konstruksjonar. Eit tilleggsprogram, Rhinocerous 6 (Rhino), vil gjere det svært brukarvennleg å få fram standard konstruksjonsgeometriar langs gitte veglinjer. Programmet baserer seg på relativt enkel matematisk koding av geometri og innhald, og blir utarbeidd etter behov internt på seksjonen. Gevinsten kjem når ein først har laga koden, då denne vil kunne gjenbrukast effektivt av alle i ettertid. Endringar kan utførast raskt, og modellen kan sidan detaljerast med innhald i Tekla.
Fordelen ved programvara er at ho kan nyttast på eit stort fleirtal av konstruksjonane, som igjen vil spare titals timar modellering for kvart prosjekt. I tillegg kan en raskt leggje inn konstruksjonar i samordningsmodellar med resten av deltakarane på prosjekta – gjerne i samtidig prosjektering. For eksempel, vil ein med enkle tastetrykk kunne modellere opp ein kulvert, eit enkelt bru-tverrsnitt med søyler, landkar, kantdragarar, murar, m.m. Eventuelle endringar av nokre parameter frå eitt prosjekt til eit anna, kan enkelt gjerast i Rhino, og endringa vil automatisk vise i modelleringsprogrammet Tekla.